JULEMIDDAG PÅ SØRHEIM

Julemiddagen 2017

 

Laurdag 16. desember kl. 19.00

 

Sørheim Grendalag ynskjer velkomen til julemiddag i grendahuset.

Menyen i år er ribbe og lokalprodusert hjortepølse m/tilbehør.

Dessert: riskrem m/raud saus

Kaffe

 

Juletregang

 

Dans til musikk av Hagen og Åberge.

 

Billettprisar:

Kr 400,-        Frå 16 år

Kr 200,-        7 – 15 år

Gratis 0 – 6 år.

 

Påmelding innan 10.desember:

Bente Osland: 90 10 08 93     benteosland@yahoo.no

Trygve  Lerum:    91 19 43 54  lerums@online.no

  

j8.JPG

JONSOKFEIRING I KROKEN fredag 23.juni!

Det vert tradisjonen tru jonsok-feiring i Kroken, i stranda hjå Rune Norskog, fredag 23.juni, kl. 18:00. Det vert sal av grilltallerken og limonade/juice. Kr. 160,- for vaksne, 70,- for born (5-12), born under 5 år gratis. Etterpå vert det kaker, og dei som ønskjer kaffi tek med seg ei kanne! Me vil be om at dei som har høve til det tek med campingstolar/-bord. Me set opp telt i tilfelle regn.

VELKOMMEN!

DUGNADSTID!

Det vert strand-dugnad på Ornes og i Kroken førstkomande laurdag, 6.mai. Nærare info. om starttidspkt. kjem etterkvart. Denne strandryddeaksjonen omfattar heile kommunen, landet og Norden!

På Ornes og i Kroken har me ikkje eigne containerar, men me samlar bosset på ein eigna stad og køyrer det bort med hengar. Bos av alle fraksjonar frå stranda (ikkje røter, drivtømmer og tang…) kan hivast oppi.

Det vert lagt ut rullar med søppelsekkar ved strandområdet. Folk kan skriva namnet sitt og tlf nr på sekkene og vera med i trekninga av fine premiar. 1. premie vert eit nettbrett!

Det vert pølsegrilling og kaffipausar undervegs - og veret ser ut til å bli bra!

Kontaktpers. Ornes: Marianne Bugge, 91532784

Kontaktpers. Kroken: Anne Lise Haukadal, 97167262

sørheim var det allereie planlagt den årlege dugnaden i og ved grendahuset der, den 6.mai, med oppstart kl 11.00
- Kaivedlikehald
- Vask av utemøblar
- Beskjæring av uteplanter
- Blomsterplanting
- Demontering av markiser

 Grendalaget stiller med lett servering!

Informasjonsmøte; kom, kom!

Hei alle saman!

Eg vil på vegne av Verdsarvådet for Urnes invitere alle som er interesserte, til eit ope møte om verdsarvarbeid
Tysdag 02.mai, kl. 18.00 i låven på Urnes gard og hjortefarm.

...

Verdsarvrådet ønskjer å presentere seg, og å informere om dei prosessar som står for dør. Alle prosessar er heilt i startfasen. Vi ønskjer å skape ein god dialog frå byrjinga av, slik at resultatet vil vere til det beste for lokalsamfunnet og for verdsarven. Vonar eg ser så mange som råd der! :)

Det vert enkel servering.
Velkomne skal de vere

 

Sofie Klemetzen

Verdsarvkoordinator

Årsmøte i Sørheim grendalag

Årsmøte

 

Årsmøte for arbeidsåret 2016 vert halde i Sørheim Grendahus

                            fredag 10.mars kl. 19.00

 

                                Vanlege årsmøtesaker.

 

Saker som skal opp på årsmøtet må vere styret i hende seinast 14 dagar før møtedatoen.

 

                                          Servering.

 

                                          Vel møtt!

 

                                                                                                Styret

JULEMIDDAG PÅ SØRHEIM

JULEmiddag PÅ SØRHEIM

10. DESEMBER KL 19.00

Sørheim Grendalag ønskjer deg hjarteleg velkommen til ei triveleg samkome i førjulstida, ein tradisjon laget har hatt i mange år. Her vert det tradisjonell julemat, kaffi, gløgg, juletregang og dans til levande musikk.

JULEMIDDAG – den heimelaga julematen består av pinnekjøt, pølser, kålrotstappe, sjysaus og poteter. Is og frukt til dessert. Alt vert servert på buffet, så du får eta deg god og mett!

JULETREGANG – etter maten vert det song og gang rundt juletreet. Ei triveleg stund for store og små.

DANS – «Knut og Marvin» kjem frå Sogndal og spelar til dans. Duoen spelar kjende slagerar innan country, rock og svenskpop.

 

Julemiddag og dans:

Kr 380        Frå 16 år   

Kr 150        7-15 år

Gratis         0-6 år

Påmelding innan 7.12:

Helga 481 23 643, hberteig@gmail.com

Trygve 911 94 354, lerums@online.no

VERDSARVDAG I LUSTER

Samarbeidsgruppa for Urnes og Fortidsminneforeninga Sogn og Fjordane avdeling inviterer til eit miniseminar om Urnes og verdsarv.

Her vert det høve å ta laurdagskaffien med noko attåt i godt selskap, og få kulturelt påfyll ved sidan av.

Det omtrentlege programmet ser slik ut:

15.30:
Kåseri og refleksjonar v/ Jens Brekke
16.20:
Urnes stavkirke. Bevaring av kunst og inventar
Merete Winnes, Eigendomssjef Fortidsminneforeninga Sentraladministasjonen
...
17.10:
Verdsarvarbeid og områdeutvikling.
Ivar Kvalen, Ordførar Luster kommune
Sofie Klemetzen, Verdsarvkoordinator

Det vert lagt opp til små pausar mellom programpostane.

(Hugs også laurdagsforedraget v/Sofie på Luster bibliotek kl. 14.00)

Dagen vert opna av forfattar og kulturpersonlegdom Jens Brekke

Merete Winnes, nytilsett eigendomssjef i fortidsminneforeninga kjem, og vil dele av sine kunnskapar. Merete har frå tidlegare llang fartstid som konservator for NIKU (Norsk institutt for kulturminneforskning).

Verdsarvkoordinator Sofie Klemetzen vil presentere seg, og snakke litt om arbeidet med verdsarven framover. Ordførar Ivar Kvalen kjem truleg også, og vi vonar at så mange som råd vil kome og ta del i samtalen om kva verdsarvstatusen kan bety for lokalsamfunna, kommunen og regionen. Vi vil oppfordre folk til å stile spørsmål, dele tankar og refleksjonar, og å kome med innspel.

Ta gjerne turen innom Luster bibliotek sitt laurdagsforedrag først. Klokka 14.00 på biblioteket, vil verdsarvkoordinator halde eit lite foredrag om Urnes kyrkje.

Vel møtt!

Dag Jørund Lønning - foredrag om bygdeutvikling

FOR DEI SOM TRENG LITT EKSTRA INPUT/INSPIRASJON!

Dag Jørund Lønning (født 26. januar 1967), som er sosialantropolog (professor dr. philos.) med spesiell interesse for menneskeleg nyskaping. Lønning har skrive ei rekke artiklar og bøker om utviklinga i Midtøsten, kulturøkonomi, innlevingsøkonomi/opplevingsøkonomi, kulturarv, nyskaping og bygdeutvikling.
Lønning er rektor og professor i nyskaping og bygdeutvikling ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling. Han har tidligare vore forskar ved Chr. Michelsens Institutt, fagleg leiar ved Telemarksforsking i Bø, seniorforskar ved Nordlandsforskning og direktør ved Norsk senter for Bygdeforsking.
Lønning blei kåra til Årets landbruksbloggar 2014 av Nationen sine lesarar, og vart, som ein av veldig få forskarar, i desember 2015 plassert på Nationen og Bondebladets liste over "dei 100 mektigaste i norsk landbruk". Han vart også kåra til årets bygdeprofil i 2015.

Stad: Luster rådhus

Tid: torsdag 8. september 19:00

JONSOKFEIRING i Kroken, NB! ENDRA DAG!

Det vert i år (som dei 11 føregåande åra) jonsokfeiring i stranda hjå Rune, fredag 24. juni, Kl. 18:00.  Det vert sal av grilltallerken og limonade/juice. Kr. 150,- for vaksne, 60,- for born (5-12), born under 5 år gratis. Etterpå vert det kaker, og dei som ønskjer kaffi tek med seg ei kanne! Me vil be om at dei som har høve til det tek med campingstolar/-bord. Me set opp telt i tilfelle regn.

 

KOM OG BLI MED PÅ TRIVELEG JONSOKFEIRING DU ÒG, HJARTLEG VELKOMNE SKAL DE VERA!!

SAMARBEIDSGRUPPA FOR SØRSIDA