Inspirasjonstur til kreative damer på Otta!

Tysdag, den 21. okt., vert det tur over fjellet (så sant vêr og føretilhøve tillet det) på besøk til nokre kreative damer for å få tips og kanskje inspirasjon til å finna på noko lurt med eigne kunnskapar og evner. Desse damene finn me på "Kreativt hjørne", der ideen har vore å gå saman i felles lokale og organisering - og tilby tenester etter evner og interesser. Damene på sørsida, i Fortun, på Skjolden, i Solvorn og dei fleste andre stader i kommunen innehar mykje og ulike ressursar og fagkompetanse. Kanskje kan det vera aktuelt å få til noko liknande her? Me tek iallefall turen over for å høyra korleis dei har gått fram, kva som går bra og ev. mindre bra, m.m. Bli med, alle som vil! Det er gratis og kjem ganske sikkert til å verta sosialt og kjekt og. Litt ny inspirasjon og påfyll er alltid greit å få med seg :-) Me finn ut av køyring når me ser kor mange som vil vera med! Ta kontakt med:

Marianne: 91532784, Anne Lise: 971 67 262    Valborg: 909 19 040

Meir info om Kreativt hjørne finn de her!