Sidan sist...

Her er ei lita oppsummering med noko av det me har drive med på sørsida sidan i vår:

Det var tradisjonen tru jonsokfeiring i stronda hjå Lise og Rune i Kroken. Mykje folk, god mat, bra ver og god stemning!

IMG_3065.JPG

Så var det olsokfeiring på stølen Kveken - og også her kom det mykje folk til samver kring spekematbordet :-)

3. august var det klart for sørsidedag att. Nokre år sidan sist, men no tok me sats att! Og, det gikk strålande bra det - mykje folk, og spesielt hyggjeleg at mange lustringar hadde tatt turen denne dagen. Det var torg, rømmegraut, hjortesafari, RIB action på fjorden og loppemarked på Ornes. I Kroken hadde Joar Søhol fulle bordsete og vel så det på Munthehuset med koldtbord. Det gamle postkontoret og fruktpakkeriet var ope for dei som ønste det. Tilbod om manikyr og minibutikk på Fjordatunet. Lerum saftmuseum hadde ope på Sørheim. 

Det har vore fleire husflidskveldar på Fjordatunet (annakvar onsdag)

Bokbåten har vore på besök att :-)

I oktober hadde me og fårikålmiddag på Fjordatunet ein søndag, og omlag 40 små og store nytta seg av det tilbodet!