Eit lite tilbakeblikk..

Under oppsummeringa lenger nede på sida her, gløymde me å få med litt om turen til dei kreative i Lom/Otta (!) Så her kjem det litt:

Fire spreke damer tok turen over til Lom, der me hadde avtalt å møta Anette Svastuen, dagleg leiar i Gudbrandsdalsmat og ein av damene i "Kreativt Hjørne" på Otta. Målet for turen var å få litt idear til korleis ein kan få til næring knytt til eigne ressursar, lokalmatsatsing og bygdeutvikling. Me møtte ho på den rel. nyopna lokalmat-butikken "Smak av Lom", like ved det kjende Bakeriet i Lom (som forresten hadde fått seg eit superstilig utetoalett - sjå bilete under). På heimvegen besøkte me Aukrust Gård, som driv biodynamisk med urter og grønsaker i ulike former. Vellukka og inspirerande dag over fjellet!