Søkjer prosjektleiar "Matopplevingar i Luster"

Utlysingstekst

Prosjektleiar for ”Matopplevingar i Luster”, 40% stilling i eitt år, med mulegheiter for forlenging til to år.

Lustramat SA saman med Fjordatunet søkjer etter ein kreativ og mat-interessert person som kan tenkja seg å arbeida for og med utvikling av den lokale maten i utg.pkt. innafor Luster kommune. Det er gjennomført ei kartlegging blant dei lokale produsentane i Luster kommune, samt ein del husdyrprodusentar. Resultata frå denne dannar eit godt grunnlag for vidare arbeid.

Mål for prosjektet er i hovudtrekk:

Utvikla og vidareføra lokale matopplevingar og tradisjonar med mål om å gjera dette meir tilgjengeleg for folk flest.

Få opp breiare utval og mengder av lokalprodusert mat

Utvikla eit ”hurtigmatkonsept” basert på lokale produkt

Etablera effektive salskanalar for lokalmat-produsentar til serveringsbedrifter og butikkar i regionen

Utvikla Lustramat som ei merkevare

 

Høyres dette interessant ut? Ta kontakt med Marianne Bugge, e-post: mannemi73@gmail.com (kontaktperson for Lustramat SA) for ytterlegare informasjon om prosjektet.

Søknadsfrist: 10 april 

Kontorstad: Fjordatunet, Kroken