Valborg i gang med "Matopplevingar i Luster"

Rett før sommaren tok til var det klart at Valborg heløy er ny prosjektleiar i lokalmatprosjektet, som er eit samarbeidsprosjekt mellom Lustramat SA og Fjordatunet i Kroken. Føremålet er å satsa meir på den lokalt produserte og foredla maten vår i ulike samanhengar. Sist måndag hadde Valborg sin første dag på kontoret i Fjordatunet! Me ønskjer LUKKE TIL!