Frå restefesten på Låven!

Ein søndag ettermiddag tidleg i januar kom folket saman til restefest på Låven på Urnes Gard. No skulle julekakene til pers, og dei aller fleste hadde med seg restar frå jula. Triveleg mange fann vegen denne søndagen, og kakebordet bugna. Det var speling av bord-bowling, kort-skalle og i "dame-hjørnet" gikk strikkepinnane og praten flittig ;-) Mennene kosa seg visst dei og, dog utan spøt.