Restefest med kaffi, kaker, spel, håndarbeid og prat!

For å få litt fortgang på julekaker som måtte liggja att frå julefeiringa, og for å koma saman att litt, vert det restefest på låven på Urnes Gard førstkomande søndag, frå kl. 1500 til ca 1800. Opplegget er som følger: Alle tek med det du måtte ha liggjande av kakerestar du vil bli kvitt, me held kaffi og saft for kr. 30,- pr. pers. Du er hjarteleg velkomen utan kaker òg sjølvsagt, og får dei same rettigheiter til eting av kaker ;-) Dersom nokon har kjekke spel for små og/eller store kan dei ta med det, elles har me og nokre spel. Du må gjerne ta med strikketøy eller liknande om du likar den slags!

Håpar me ser dykk på søndag, alle er iallefall hjarteleg velkomne!