Ide-dugnad på Låven på Urnes Gard 29.des. Utstilling frå "gamle dagar"

Det skal lagast ei utstilling i det gamle skulehuset på Ornes, som syner historia til Ornes og områda rundt  i «gamle dagar» og i «veldig gamle dagar». Me får besøk frå Aurland Naturverkstad som vil leia dagen og arbeidet. Målet med denne dagen er at born/ungdom og vaksne kan snakka saman om kva dei veit finst av materiale (bilete, film, reiskap, kart, notat, brev, o.s.b.) – korleis ein kan få dette fram på best muleg vis og kvar det ev. finst (kanskje laga ei referanseliste over kjelder).

Alle er hjarteleg velkomne til dugnaden, og borna på Ornes og innover fjorden til og med Sørheim, samt alle borna på skulen i Solvorn er spesielt invitert til denne dagen, for å gi innspel til kva dei tykkjer er bra utstillingar, korleis dei vil bli utfordra (aktivitetsløype, digital utstilling, ++). Kva er borna interessert i å vita om historia vår og korleis kan me få det fram best muleg? Aurland Naturverkstad vil gi eksempel på korleis dette kan gjerast.

Det vert lett servering!

Det går ferje kl.  11.00 frå Solvorn, og kl. 16.10 og 16.50 attende frå Ornes etter dugnaden.

 

Då ønskjer me alle ei god jul, og håpar så mange som muleg har lyst til å koma på låven den 29. desember!

 

Ornes Grendalag