Bokbåten på besøk for siste gong (i denne runden)..

Bokbåten Epos la til Kroken sist laurdag, og mykje folk i alle aldrar møtte som vanleg opp. Bøker vart levert og lånt ut, og denne gongen var ordførar Ivar Kvalen på plass for å overrekka ei gåve til mannskapet for lang og tru teneste for nokre av Fjord-grendene i Luster; Kroken, Solvorn og Kinsedal. Besetninga fekk blomar og gode smakar frå Lustramat. Etter boklån og forestilling med "Fabiola", reiste dei fleste ut til Fjordatunet, der det var kafè med nysteikte lappar, kaffi og saft. Då Epos la frå kai og sette kursen mot Solvorn, stod heile mannskapet på dekk og vinka til kafè-gjestane på Fjordatunet.... Håpar me sjåast snart igjen, EPOS!