Epos kjem på besøk!

Kanskje for siste gong? Me håpar i det lengste at det ikkje er tilfelle! Programmet er slik:

7. mars 2015

Kroken 11:00-13:00 Program ca. kl. 12:00

Solvorn 14:00 - 16:00Program ca. kl. 15:00

Kinsedal 16:30 - 17:30---

Line Møller-Christensen:

Fabiolas koffert

 

Line Møller-Christensen er frå Ålesund og har si utdanning frå Ecole Jaques Lecoq i Paris, der ho m.a. lærte om fysisk teater og klovning. Line har tidlegare reist rundt som klovn og ho har jobba med gateteater rundt i Europa. I 2014 starta ho teaterkompaniet “Surface of a bubble” og turnerte mykje i Storbritannia. Tidlegare har ho m.a. reist til Myanmar med ei klovneførestilling for barn i utsette område.

På bokbåten vil Line syna førestillinga Fabiolas koffert. Fabiola sin magiske bokkoffert er fylt med historier frå jorda og universet. Frå kofferten dukkar det opp skapningar vi kjenner frå før – og nye venner, slik som Fabiola sin bestevenn, Petter Stjernestøv.  Førestillinga er inspirert av eventyrfigurar og av Fabiola sin fantasi, som ingen ende har…

I førestillinga vert det brukt m.a. dokker og klovneteknikk og ho er open for interaksjon og innspel frå publikum.

Gjennom førestillinga Fabiolas koffert vil Line fremja litteratur og leselyst, og ho vil visa kva for spennande opplevingar ein kan få av å leva seg inn i ei bok.

Målgruppe: frå 4 år

Programmet varer omlag 35 minutt.