Heimelaga lapskaus på Fjordatunet førstkomande måndag! PS: Det vert ei lita utlodding og.....

Førstkomande måndag vert det middag å få kjøpt på Fjordatunet, frå kl. 17:00. Det er heimelaga lapskaus med flatbrød på menyen + kaffi og noko attåt etterpå. For dette betalar vaksne kr. 120,-, born mellom 5 og 11 år kr. 60,- og born under 5 år et gratis! Inntektene går til Fjordatunet.

VELKOMMEN!

Spre dette, og gje oss gjerne melding om du/de vil koma (for berekninga sin del :-), tlf: 91532784 (Marianne) eller 97167262 (Anne Lise)

Samarbeidsgruppa