Vellukka lapskauskalas på Fjordatunet i går! NB:trekninga på boka vert førstkomande fredag, 24.april

Det var ein heil liten gjeng som kom til Fjordatunet for å kjøpa seg lapskaus i går. Veret var og slik at dei yngste fekk "springa av seg" middagen att utanfor etterpå i nesten sol :-) Maten og kakene smaka, og praten gikk. Det var (og er, fram til fredag førstkomande, då det vert trekning i regi av styret for Lustramat SA - som har møte den dagen ;-) loddsal på bok, til inntekt for Fjordatunet. Vinstar er: bankebiff, bankebiff (Urnes Hjortefarm), Syltetøy-gåvepose (Kroken frukt og bær), gåvepose (Urnes Gardsmat), termomatboks og krus (Urnes Gardskafe), blome, blome, Vivaldisjokolade og gummigele, Vivaldisjokolade og gummigele. 5,- pr. lodd!

Som sagt er det muleg å få kjøpt lodd fram til fredag, 24.april!. Ta kontakt m/ Marianne Bugge 91532784