Ragnar Hovland og Finn Tokvam kjem til sørsida 14.august!!

Dette må de merkja av i kalendaren med ein gong. Etter eit opphald på nokre år, vert det i haust kulturkveld att i Munthehuset, etter god gamal oppskrift. God litterær underhaldning frå dei to ovanfor nemnde, samt fengjande musikk av og med "To purker og ein gris", og det som og er heilt sikkert: smakfull Lustratapas frå Hildegunn Ø. Hansen. Dette satsar me på vert ein uforgløymeleg kveld for dei som deltek, i stemningsfulle og historiske omgjevnader! Opplysningar om påmelding mm, kjem snart. Følg med på sida her, og på plakatar rundt om.

Bileta under er frå siste kulturkveld som var i 2010, og der Herbjørg Wassmo og Gro Grimsø underholdt.