Ein svært vellukka kulturkveld i Munthehuset sist fredag!

Sist fredag var det kulturkveld på Munthehuset i Kroken, med Ragnar Hovland og Finn Tokvam, To purker og ein gris, og med heilt nydeleg Lustratapas frå Hildegunn Ø. Hansen på menyen. Vèret var strålande og var prikken over i-en på ein elles super kveld. Munthehuset var fullbooka, og «reservelista» var lang, men for dei som hadde sikra seg plass vart dette ein uforgløymeleg kveld i stemningsfulle omgjevnader. 96 påmelde, og då var det heilt fullt. Finn Tokvam og Ragnar Hovland ga publikum hysterisk latter, underfundig ettertanke, allsang og tårer. Dei avslutta med allsong: Per Sivle sin "Den fyrste song". To purker og ein gris fekk mykje ros for musikken sin, og ekstra spesielt var det at dei spela Kveldssong for deg og meg, som Ragnar Hovland har skrive teksten til (også kjent som Grisen står og hyler framført av Odd Nordstogga). I pausen fekk publikum servert Lustratapas i mange variantar, og forfattarane signerte og solgte eigne verk ute i sola.  Ein flott og minneverdig kveld i Munthehuset!»

NB! Biletet under kan du trykkja på, så får du mange fleire fine bilete frå kvelden! Fotografar: Hilde Lerum og Randi Bugge