Notat frå utvida møte i styret for samarbeidsgruppa og kulturkveldgruppa sist onsdag

Referat frå møte i utvida samarbeidsgruppe for sørsida (styret for samarbeidsgruppa + kulturkveldgruppa), 23.09.15

Frammøtte: Øyvind Hatlevoll, Synnøve Urnes, Trygve Lerum, Valborg Heløy, Anne Lise Haukadal, Marianne Bugge (ref) (Magne Vaage hadde beklageleg vis falt ut av e-postlista, og hadde ikkje fått innkalling)

Fråver: Randi K. Bugge, Helga Berteig, Aili Sæverud

SAKER:

1. Oppsummering av aktivitetar på sørsida fram til no i 2015

Me tok ei oppsummering (med atterhald om at ting kan vera utegløymt – då må de vera snille å supplera, og gi underskrivne beskjed så me får det med!):

 Januar: Restekake-dag etter jul – På låven på Urnes Gard

 Mars: Kafe på Fjordatunet i samband med siste Bokbåtbesøket i Kroken..

 April: Fellesmiddag (lapskaus) på Fjordatunet

 April: Påskebasarar på Ornes og Sørheim

 Mai: 17-mai feiring på Sørheim

 Juni: Jonsok-feiring i Kroken

 August: Pub-kveld på Ornes

 August: «sørside-dagar-light» langs sørsida

 August: Kulturkveld med Ragnar Hovland, Finn Tokvam og To purker og ein gris

 September: Jubileumsmiddag og –fest på Sørheim grendahus (Sørheim grendalag 25 år!)

 HEILE ÅRET: Håndarbeidsklubb i Fjordatunet 2 gonger i mnd

Og det var det me rekna oss fram til av aktivitetar i regi av sørsidingar så langt i år 

PLANAR FRAMOVER i 2015

 22.okt. vert det fellesmøte for Luster Husflidslag i Kroken på Fjordatunet, med tema Nålebinding.

 Julemiddag på sørheim

 Muleg fellesmiddag på Fjordatunet seinare i haust

 Inspirasjonskveld med program og matservering.

 Kanskje: Hyggjekveldar på Sørheim 1 gong i mnd.

VELDIG KJEKT OM DEI SOM KAN TENKA SEG Å VERA MED Å ARRANGERA NOKO AV DET OVANFORNEMNDE, ELLER HAR ANDRE IDEAR TEK KONTAKT MED STYRET OM DET!

2. Fjordatunet, status og planar framover

 Drifta i Fjordatunet «går sin gang», økonomien er bra p.g.a. refinansieringa for eit par år sidan, der m.a. og låneavdraga vart tilpassa dagens drift.

 Men: me treng nye innspel og gode idèar for å koma vidare og utvikla meir drift i bygget. Dette kan kanskje kombinerast med ein inspirasjonskveld (sjå under planar framover)?

Kom forslag om å sjå nærare m.a. på gamalt håndtverk som kan knytast til samfunnet her – og som kan produserast for sal..

 Det kom og forslag om å få etablert ein «vaktmeistarordning» til bygget, som kan ta seg av dei praktiske tinga som må ordnast (vatnprøvetaking, lett vedlikehold av ulikt slag, m.v.) Dette vert tatt opp i møtet i styret for Fjordatunet no i haust.

3. Ev.

 Bustadar: Etter å ha telt over ledige hus og småbruk på sørsida (og i grunn vorte litt oppgitt over det..) kom gruppa fram til at det må arbeidast vidare med ein overgangsbustad og på sørsida (minst ein). Den må ha leigepris tilpassa lokalitet.

Mvh

Marianne Bugge (ref.)

Sekretær for samarbeidsgruppa