Flott helg på Ornes! Urnes seminar og open dag i stavkyrkja og Luster barneturlag på tur til Ornes-Kroken

Torsdag og fredag var det Urnes seminar på Ornes med Knut Krogh og andre interessante føredrag om kyrkja. Dei påmelde kunne oppleva stavkyrkja og informasjon om den i nydeleg haustvêr på Ornes begge dagar. Laurdag var det open dag, gratis for alle, med eige opplegg for borna. Ca. 40 personar nytta seg av dette tilbodet, og også denne dagen vart ein flott solskinsdag.

 

Dagen etter, søndag var det Kom deg ut dag på Ornes, i regi av Luster barneturlag. På vegen opp frå ferja til tunet under stavkyrkja var det natursti med spørsmål som høvde både liten og stor. Det var tur til "Ornes-Kroken" med kjentmann Magne Urnes som fortalde langs vegen. Etterpå var det smaksprøvar med godt brød  frå Lustrabui med syltetøy frå Urnes Gard på, og limonadar av ulikt slag. Det var trekning med gevinstar til alle born for dei som hadde fått med seg naturstien, og deretter var det hjortesafari på Urnes Hjortefarm. Ein fin dag var konklusjonen til dei omlag 20 som deltok!

Sjå meir informasjon og bilete frå Kom deg ut-dagen her: https://luster.dnt.no/nyheter/2039-flott-kom-deg-ut-dag-pa-ornes/