Fellesmøte mellom styret i Solvorn bygdelag og styret i samarbeidsgruppa for sørsida

Grunnlagetfor møtet er eit initiativ frå den lokale verdsarvgruppa i Luster, som består av: Per Jørgen Loen (Solvorn Bygdelag), Marianne Bugge og Valborg Heløy (samarbeidsgruppa for sørsida), Jon Tamnes (Fortidsminneforeninga Sogn og Fjordane avd.), Erling Bjørnethun og Torunn L. Vinje (Luster kommune). Dette er ei lokal arbeidsgruppe for interimstyret for verdsarven (med. Representantar frå Riksantikvaren, Fylkeskommunen, bygdelaga i Solvorn og på sørsida, Fortidsminneforeninga sentralt, ordførar og Torunn L. Vinje (sekretær). Denne gruppa arbeider i første omgang med å få på plass eit permanent verdsarvråd og ein verdsarvkoordinatorstilling (som er eit krav frå UNESCO om at alle verdsarvstadar skal ha).

Initiativet frå den lokale gruppa går ut på å etablera ein felles «paraply» over arrangementa som allereie eksisterer, og ev. nye som dukkar opp under ; «Verdsarvdagane i Luster». Felles profilering, marknadsføring og såleis å styrka arrangementa. Grunnlaget for dette møtet var såleis å finna ut litt meir av om det er interessant, og korleis dette samarbeidet kan/bør fungera (rammer, føresetnader, framdrift, m.m.)

Alle presenterte seg, og si rolle i bygdelaga. P.J.Loen og M. Bugge orienterte litt om grunnlaget for møtet, og etter kvart vart det diskutert litt kring føresetnader for samarbeidet, idear og forslag, m.m. I stikkordsform var noko av det som kom opp:

  • Positive til samarbeid, må ta nærare rundar med laga kva føresetnader som må ligga til grunn for vidare samarbeid (t.d. kva er viktig å ikkje endra på/kva kan og bør endrast på med eksisterande arrangement, når er arrangementa, m.m.)

  • Bør vera årlege verdsarvdagar (så det vert føreseieleg)

  • Felles logo (gjerne saman med andre aktuelle logoar) og felles marknadsføring av arrangementa.

  • Ta utg.pkt. i aktivitetar som finst i dag, og etter kvart utvikla nye.

  • Etablera ei gruppe med 5 pers (2 frå Solvorn og ein frå kvart av grendalaga på sørsida –Sørheim, Kroken og Ornes) som arbeidsgruppe – viktig med tett samarbeid med grendalaga. Grendalaga melder snarast muleg tilbake til underskrivne kven som vert representantane.

  • I februar har Solvorn grendalag årsmøte og set der opp aktivitetskalendar for 2016. Samarbeidsgruppa skal og med det første ha eit møte for å få opp aktuelle arrangement og tiltak – Desse aktivitetskalendarane skal formidlast på tvers i etterkant av møta.

Konklusjonen på møtet var utvetydig at dette er noko me ønskjer å arbeida vidare med, med målsetnad å samordna og vidareutvikla arrangementa som er og som kan koma til under ein felles paraply: «Verdsarvdagane i Luster».

Den lokale verdsarvgruppa i Luster har sendt søknad til Riksantikvaren no i januar om ei prosjektstilling som kan arbeida med å få dette på plass, to månadsverk. I søknaden står det m.a.:

Målsetnadar

«Bygdelaga har etablert ei samarbeidsgruppe som får ansvaret for

å utvikla og koordinera tilskipingane. Etablerte tilskipingar som Sørsidedagane, kulturkveldar i Munthehuset, Strandsitjardagane i Solvorn m.m. vert lagt inn under ein felles «paraply» som vert nyskipinga «Verdsarvdagane i

Luster» med link til www.verdsarvurnes.no. 

Nye aktuelle tilskipingar kan vera:

 Stavkyrkjeseminar

 Tilskiping med vekt på mellomalderhistoria og strandsitjarar der fjorden også vert teke      aktivt i bruk

 vektleggja aktivitetar for born og unge og samarbeid med skular, lag og organisasjonar

 invitera andre lag og organisasjonar til å vere med på vidare utvikling

 felles marknadsføring der tilskipingar skal ha «link» til stavkyrkja og

strandsitjarmiljøet

 

Tilskipingane skal vidareutviklast med ein tydelegare verdsarvprofil og vera med å løfta verdsarvstatusen i Luster. Arrangementa skal involvera fleire og det skal leggjast vekt på dei historiske elementa knytt til verdsarven Urnes stavkyrkje og strandsitjarstaden Solvorn og dei historiske koplingane mellom desse to bygdene.

Både Solvorn og bygdene på Sørsida har eit relativt lågt folketal som grunnlag for å engasjera personar til ein frivillig innsats som trengst for å gjera dette arbeidet. Over mange år har relativt få personar lagt ned ein stor innsats i det frivillige arbeidet. Til arbeidet med å koordinera og utvikla «verdsarvdagane i Luster» trengst det ein koordinator fyrste året som hjelper til med utviklinga og planlegginga av arbeidet.»