VERDSARVDAG I LUSTER

Samarbeidsgruppa for Urnes og Fortidsminneforeninga Sogn og Fjordane avdeling inviterer til eit miniseminar om Urnes og verdsarv.

Her vert det høve å ta laurdagskaffien med noko attåt i godt selskap, og få kulturelt påfyll ved sidan av.

Det omtrentlege programmet ser slik ut:

15.30:
Kåseri og refleksjonar v/ Jens Brekke
16.20:
Urnes stavkirke. Bevaring av kunst og inventar
Merete Winnes, Eigendomssjef Fortidsminneforeninga Sentraladministasjonen
...
17.10:
Verdsarvarbeid og områdeutvikling.
Ivar Kvalen, Ordførar Luster kommune
Sofie Klemetzen, Verdsarvkoordinator

Det vert lagt opp til små pausar mellom programpostane.

(Hugs også laurdagsforedraget v/Sofie på Luster bibliotek kl. 14.00)

Dagen vert opna av forfattar og kulturpersonlegdom Jens Brekke

Merete Winnes, nytilsett eigendomssjef i fortidsminneforeninga kjem, og vil dele av sine kunnskapar. Merete har frå tidlegare llang fartstid som konservator for NIKU (Norsk institutt for kulturminneforskning).

Verdsarvkoordinator Sofie Klemetzen vil presentere seg, og snakke litt om arbeidet med verdsarven framover. Ordførar Ivar Kvalen kjem truleg også, og vi vonar at så mange som råd vil kome og ta del i samtalen om kva verdsarvstatusen kan bety for lokalsamfunna, kommunen og regionen. Vi vil oppfordre folk til å stile spørsmål, dele tankar og refleksjonar, og å kome med innspel.

Ta gjerne turen innom Luster bibliotek sitt laurdagsforedrag først. Klokka 14.00 på biblioteket, vil verdsarvkoordinator halde eit lite foredrag om Urnes kyrkje.

Vel møtt!