Feltkontrollørkurs og kurs i nedskjering av hjort på Fjordatunet! (NO MED BILETE!)

Feltkontrollørkurs hjortevilt og kurs i nedskjering av hjortevilt i Luster

Luster kommune har gleda av å invitera til feltkontrollørkurs for hjortevilt og kurs i nedskjering av hjortevilt. Kursa vert arrangert i samarbeid med Norsk Hjortesenter, Mattilsynet, Urnes Hjortefarm og Fjordatunet.

Feltkontrollørkurset vert arrangert på rådhuset i Gaupne fredag 04. mars frå 8.30-16.00 og nedskjeringskurset på Fjordatunet i Kroken same dag frå kl. 18.30-20.30. Det er høve til å vere med berre på feltkontrollørkurset, sei då i frå om det ved påmelding. Prisen vil vere den same sjølv om ein ikkje vil vere med på nedskjeringskurset. For å ta kurset må ein jeger ha minst fem års jakterfaring og ha slakta minst 20 hjortevilt.

Bindande påmelding innan 22. februar til are.rognes@luster.kommune.no. Det er 20 plassar. Ved påmelding treng eg følgjande:

  • Fornamn og etternamn

  • Postadresse

  • Jegernummer

  • Mobilnummer

  • E-postadresse

  • Fødselsår

  • Om du ynskjer å delta berre på feltkontrollørkurs eller og på nedskjeringskurset

Prisen er mellom 1600-2500 kr, avhengig av tal påmelde. Feltkontrollørkurset gir deg kunnskap om vilt og kjøt, samt rett til å feltkontrollera kjøt for omsetjing. Nedskjeringskurset tar føre seg praktisk nedskjering av eit hjorteslakt. Kursa er eit «must» for den ivrige jeger

Meir informasjon om kurset og program finn du på Luster kommune sine heimesider.