Fjordatunet framover

Drifta på Fjordatunet i dag dekkjer ikkje nedbetaling på lånet. Styret i Sørsida Eigedom AS ønskjer med dette tilbakemelding frå deg/dykk som kan vera interessert i å gå inn som deleigar i Fjordatunet. Etter avtale med banken vil ein del av resterande lån bli sanert, mot at det vert “putta” frisk kapital inn i bygget. Det er snakk om ein overkommeleg sum frisk kapital, utan at styret ønskjer å leggja dette ut her. Det er allereie folk som har varsla at dei er interesserte i å vera deleigar i Fjordatunet. Jo fleire medeigarar, jo betre sikrar ein kanskje å halda på intensjonen om at dette også framover kan vera eit "Fjordatun for bygda".

Oppfordringa er då at alle sonderer litt rundt, og melder inn til styret (v/Øyvind Hatlevoll) moglege interessentar.

Vetlabui_-_08-380672.jpg