Våren 2019

Det har gått nesten eit 1/2 år sidan siste post på sida. Det har skjedd ymse på sørsida denne perioden òg, og vi prøver oss på ei oppdatering:

  • I påska var det tradisjonen tru basarar på Sørheim Skjærtorsdag og på Ornes påskeafta.

  • Vi har fått ein ny kafè i Feiga, der det og har vore nokre pub kveldar.

  • Det vart skipa til 17-mai feiring på Sørheim grendahus, som òg har vore tradisjon i fleire år. Rømmegraut, festkledde folk og tog med korps i front!

  • 21.mai arrangerte verdsarvkoordinator vårryddedag på Ornes, med påfølgjande grilling i stronda.

  • 2. juni var det familiedag på Ornes, med aktivitetar for born, gudsteneste og kaker og kaffi i bedehuset. Dette var òg ei feiring av og takk for at Marit Bøen i 40 år har teke vare på Urnes stavkyrkje. Ho går no av som tilsynshavar for stavkyrkja.

  • 15.juni vert det konsert i Monthehuset, med m.a. “vår eigen “ Rudolfo Nava

  • Ingebjørg vart på vårparten tilsett som ny Dagleg leiar av Urnes stavkyrkje.

  • Eit rikhaldig kulturprogram for 15.juni-7.juli sommaren 2019 i aksen Kroken - Skjolden og Luster (prestegarden).

  • På innbyggjarfronten kan meldast om at det på Sørheim mellom anna har blitt to nye ferske gårdeigarar (ein litt ferskare enn den andre..). Dei er brør, og me ønskjer lukke til med gardsdrifta og livet på Sørheim framover.

  • På Ornes har vi fått to nye innbyggjarar på vårparten 2019!

  • I Kroken er Teigen for sal i skrivande stund - og snart vert òg Vetle Kroken gard lagt ut for sal. Så kan det henda det kan bli nokre fleire fastbuande innbyggjarar i Kroken òg etterkvart.