Midlar til verdsarvkoordinator og verdsarvdagar!

Henta frå Sogn Avis:

Får verdsarvmidlar frå Riksantikvaren

Urnes Stavkyrkje og Vestnorsk fjordlandskap får til saman nær to millionar kroner.

Urnes stavkyrkje får 456.000 kroner i verdsarvmidlar.

Kvart år får norske verdsarvstader tilskot over statsbudsjettet.

Klima- og miljødepartementet har hovudansvaret for oppfølginga av verdensarven i Noreg. Fordeling av tilskot skjer via Riksantikvaren, som i år har fordelt over 50 millioner til ulike tiltak.

Åtte stader

Noreg har åtte stader på UNESCOs liste over verdas kulturarv (World Heritage List). Størst løyving av desse får Bryggen i Bergen med 17,5 millionar kroner til fleire istandsetjings- og sikringsprosjekt. Sogn og Fjordne har to stader på verdsarvlista. Dette er Urnes stavkyrkje som vart skriven inn på lista alt i 1979, og Nærøyfjorden som saman med Geirangerfjorden utgjer Vestnorsk fjordlandskap.

Tilskot

Begge får tilskot frå Riksantikvaren i år.

Vestnorsk fjordlandskap får 1.5 millionar kroner, medan Urnes stavkyrkje vert tilgodesett med 456.000 kroner.

Årsmøte i Sørheim Grendalag

Årsmøte

 

Årsmøte for Sørheim Grendalag for arbeidsåret 2015 vert halde i grendahuset

fredag 26.februar 2016 kl.19.00.

 

Vanlege årsmøtesaker.

 

Saker som skal opp til handsaming må vera styret i hende 14 dagar før årsmøtet.

 

Kaffe og noko attått.

 

Vel møtt!

 

                                                                                       Styret.

Feltkontrollørkurs og kurs i nedskjering av hjort på Fjordatunet! (NO MED BILETE!)

Feltkontrollørkurs hjortevilt og kurs i nedskjering av hjortevilt i Luster

Luster kommune har gleda av å invitera til feltkontrollørkurs for hjortevilt og kurs i nedskjering av hjortevilt. Kursa vert arrangert i samarbeid med Norsk Hjortesenter, Mattilsynet, Urnes Hjortefarm og Fjordatunet.

Feltkontrollørkurset vert arrangert på rådhuset i Gaupne fredag 04. mars frå 8.30-16.00 og nedskjeringskurset på Fjordatunet i Kroken same dag frå kl. 18.30-20.30. Det er høve til å vere med berre på feltkontrollørkurset, sei då i frå om det ved påmelding. Prisen vil vere den same sjølv om ein ikkje vil vere med på nedskjeringskurset. For å ta kurset må ein jeger ha minst fem års jakterfaring og ha slakta minst 20 hjortevilt.

Bindande påmelding innan 22. februar til are.rognes@luster.kommune.no. Det er 20 plassar. Ved påmelding treng eg følgjande:

  • Fornamn og etternamn

  • Postadresse

  • Jegernummer

  • Mobilnummer

  • E-postadresse

  • Fødselsår

  • Om du ynskjer å delta berre på feltkontrollørkurs eller og på nedskjeringskurset

Prisen er mellom 1600-2500 kr, avhengig av tal påmelde. Feltkontrollørkurset gir deg kunnskap om vilt og kjøt, samt rett til å feltkontrollera kjøt for omsetjing. Nedskjeringskurset tar føre seg praktisk nedskjering av eit hjorteslakt. Kursa er eit «must» for den ivrige jeger

Meir informasjon om kurset og program finn du på Luster kommune sine heimesider.

Fellesmøte mellom styret i Solvorn bygdelag og styret i samarbeidsgruppa for sørsida

Grunnlagetfor møtet er eit initiativ frå den lokale verdsarvgruppa i Luster, som består av: Per Jørgen Loen (Solvorn Bygdelag), Marianne Bugge og Valborg Heløy (samarbeidsgruppa for sørsida), Jon Tamnes (Fortidsminneforeninga Sogn og Fjordane avd.), Erling Bjørnethun og Torunn L. Vinje (Luster kommune). Dette er ei lokal arbeidsgruppe for interimstyret for verdsarven (med. Representantar frå Riksantikvaren, Fylkeskommunen, bygdelaga i Solvorn og på sørsida, Fortidsminneforeninga sentralt, ordførar og Torunn L. Vinje (sekretær). Denne gruppa arbeider i første omgang med å få på plass eit permanent verdsarvråd og ein verdsarvkoordinatorstilling (som er eit krav frå UNESCO om at alle verdsarvstadar skal ha).

Initiativet frå den lokale gruppa går ut på å etablera ein felles «paraply» over arrangementa som allereie eksisterer, og ev. nye som dukkar opp under ; «Verdsarvdagane i Luster». Felles profilering, marknadsføring og såleis å styrka arrangementa. Grunnlaget for dette møtet var såleis å finna ut litt meir av om det er interessant, og korleis dette samarbeidet kan/bør fungera (rammer, føresetnader, framdrift, m.m.)

Alle presenterte seg, og si rolle i bygdelaga. P.J.Loen og M. Bugge orienterte litt om grunnlaget for møtet, og etter kvart vart det diskutert litt kring føresetnader for samarbeidet, idear og forslag, m.m. I stikkordsform var noko av det som kom opp:

  • Positive til samarbeid, må ta nærare rundar med laga kva føresetnader som må ligga til grunn for vidare samarbeid (t.d. kva er viktig å ikkje endra på/kva kan og bør endrast på med eksisterande arrangement, når er arrangementa, m.m.)

  • Bør vera årlege verdsarvdagar (så det vert føreseieleg)

  • Felles logo (gjerne saman med andre aktuelle logoar) og felles marknadsføring av arrangementa.

  • Ta utg.pkt. i aktivitetar som finst i dag, og etter kvart utvikla nye.

  • Etablera ei gruppe med 5 pers (2 frå Solvorn og ein frå kvart av grendalaga på sørsida –Sørheim, Kroken og Ornes) som arbeidsgruppe – viktig med tett samarbeid med grendalaga. Grendalaga melder snarast muleg tilbake til underskrivne kven som vert representantane.

  • I februar har Solvorn grendalag årsmøte og set der opp aktivitetskalendar for 2016. Samarbeidsgruppa skal og med det første ha eit møte for å få opp aktuelle arrangement og tiltak – Desse aktivitetskalendarane skal formidlast på tvers i etterkant av møta.

Konklusjonen på møtet var utvetydig at dette er noko me ønskjer å arbeida vidare med, med målsetnad å samordna og vidareutvikla arrangementa som er og som kan koma til under ein felles paraply: «Verdsarvdagane i Luster».

Den lokale verdsarvgruppa i Luster har sendt søknad til Riksantikvaren no i januar om ei prosjektstilling som kan arbeida med å få dette på plass, to månadsverk. I søknaden står det m.a.:

Målsetnadar

«Bygdelaga har etablert ei samarbeidsgruppe som får ansvaret for

å utvikla og koordinera tilskipingane. Etablerte tilskipingar som Sørsidedagane, kulturkveldar i Munthehuset, Strandsitjardagane i Solvorn m.m. vert lagt inn under ein felles «paraply» som vert nyskipinga «Verdsarvdagane i

Luster» med link til www.verdsarvurnes.no. 

Nye aktuelle tilskipingar kan vera:

 Stavkyrkjeseminar

 Tilskiping med vekt på mellomalderhistoria og strandsitjarar der fjorden også vert teke      aktivt i bruk

 vektleggja aktivitetar for born og unge og samarbeid med skular, lag og organisasjonar

 invitera andre lag og organisasjonar til å vere med på vidare utvikling

 felles marknadsføring der tilskipingar skal ha «link» til stavkyrkja og

strandsitjarmiljøet

 

Tilskipingane skal vidareutviklast med ein tydelegare verdsarvprofil og vera med å løfta verdsarvstatusen i Luster. Arrangementa skal involvera fleire og det skal leggjast vekt på dei historiske elementa knytt til verdsarven Urnes stavkyrkje og strandsitjarstaden Solvorn og dei historiske koplingane mellom desse to bygdene.

Både Solvorn og bygdene på Sørsida har eit relativt lågt folketal som grunnlag for å engasjera personar til ein frivillig innsats som trengst for å gjera dette arbeidet. Over mange år har relativt få personar lagt ned ein stor innsats i det frivillige arbeidet. Til arbeidet med å koordinera og utvikla «verdsarvdagane i Luster» trengst det ein koordinator fyrste året som hjelper til med utviklinga og planlegginga av arbeidet.»

 

Idèar om utstilling!

Omlag 25 personar møtte fram for å delta på idè dugnad på Ornes i romjula. Dagen vart leia av to personar frå Aurland Naturverkstad, som har fått oppgåve å planleggja utstilling i skulehuset. Snædis frå Aurland var flink til å engasjera både små og store i arbeidet, med ulike praktiske oppgåver - for å få fram idear til utstillinga. Målet er ei historisk framstilling av Ornes i ulike tidsepokar, som skal vera fengjande og interessant for både born og vaksne.

Juletrefest på Ornes!

Den 30.desember kl 17.30 er det igjen klart for den årlege juletrefesten på Ornes Bedehus. Det vert ein liten andakt, sanginnslag, juletregang og sjølvsagt kaffi og kaker. Fiskedammen er nok heller ikkje tømt heilt for fisk enda (les:godteposar :-) ) Kanskje vankar det og ein liten konkurranse. 
Alt er gratis, men me samlar som vanleg inn ein kollekt til Nina Children Home. Kjekt om akkurat DU vil komma til dette sosiale samlingspunktet i romjula, VELKOMMEN!!!

Ide-dugnad på Låven på Urnes Gard 29.des. Utstilling frå "gamle dagar"

Det skal lagast ei utstilling i det gamle skulehuset på Ornes, som syner historia til Ornes og områda rundt  i «gamle dagar» og i «veldig gamle dagar». Me får besøk frå Aurland Naturverkstad som vil leia dagen og arbeidet. Målet med denne dagen er at born/ungdom og vaksne kan snakka saman om kva dei veit finst av materiale (bilete, film, reiskap, kart, notat, brev, o.s.b.) – korleis ein kan få dette fram på best muleg vis og kvar det ev. finst (kanskje laga ei referanseliste over kjelder).

Alle er hjarteleg velkomne til dugnaden, og borna på Ornes og innover fjorden til og med Sørheim, samt alle borna på skulen i Solvorn er spesielt invitert til denne dagen, for å gi innspel til kva dei tykkjer er bra utstillingar, korleis dei vil bli utfordra (aktivitetsløype, digital utstilling, ++). Kva er borna interessert i å vita om historia vår og korleis kan me få det fram best muleg? Aurland Naturverkstad vil gi eksempel på korleis dette kan gjerast.

Det vert lett servering!

Det går ferje kl.  11.00 frå Solvorn, og kl. 16.10 og 16.50 attende frå Ornes etter dugnaden.

 

Då ønskjer me alle ei god jul, og håpar så mange som muleg har lyst til å koma på låven den 29. desember!

 

Ornes Grendalag

 

 

 

 

 

 

Frå julemiddagen på Sørheim

Årets julemiddag i grendahuset på Sørheim vart avvikla på tradisjonelt vis.

Det var noko mindre påmelding enn vanleg, så for fyrste gong på mange år, vart sjølve middagen servert i matsalen nede. Lars Sørheim var kokk i år også, og hausta fagnad for kokkekunstene sine. Hagen og Åberge var på plass med gitar og trekkspel og dansegolvet var sjeldan tomt. Nissen tok seg tid til å svinga innom ein snartur med litt godt i sekken til dei snille ungane. Stemninga var god, og folk heldt ut lenge.

IMG_7044.JPG

Hei folk på Ornes og omegn!

Det vert informasjonsmøte i gamle skulehuset på Ornes førstkomande fredag, kl. 18:30. Enkel servering.

Me fekk i år midlar frå Riksantikvaren til å planleggja ei utstilling

på Ornes. Utstillinga er tenkt kan plasserast i det gamle skulehuset , og i samband med dette ønskjer me at innbyggjarar på Ornes kan koma saman og få litt informasjon om dette og om status i verdsarvarbeidet elles, og få seia kva dei meiner om desse planane og ideane.

 Mål med utstillinga: Utvikla og leggja til rette for å formidla historia på Ornes og  setja den inn i ein historisk samanheng med stavkyrkja i sentrum.

 Ein vil få  utarbeida ein plan for utstilling og visuell formidling

 Tema for utstillinga:

  Þ Stavkyrkja i landskapet                    

  Þ Lokalutstilling med:

  · eldre innsamla foto frå Ornes og tilhøyrande tekst

  · kart med stadnamn

   · den mangbølte garden: klyngjetun, teigblanding og jordskifte (kart  m.m.)

   · intervju med eldre folk på Ornes (tekst og lydopptak)

   Þ Vidareutvikla mobilappen: Landskap i Luster

  Delar av utstillinga er tenkt skal kunna nyttast ved andre utstillingar som t.d. Fjordstova på Skjolden.

 

Vel møtt!

Ornes Grendalag

Gi ei gåve med meining til jul!

Det er enda ei stund til jul, men julegåver har kanskje fleire byrja å tenka på? Kva gir ein til dei som har det meste? Jo: ei gåve som kan hjelpa nokon til ein betre kvardag og eit betre liv! Ninas Children Home

Ninas Children Home er ein barneheim i Kenya, drive av Nina Sørlie frå Kinsedal. De kan lesa meir om barneheimen ved å følgje linken over. Under linken der "Dagbok" kan de lesa oppdatert informasjon om livet der nede. Ved å gi ei pengegåve til Ninas children Home som ei julegåve til nokon, er DU og den som får gåva med og hjelper borna der til ein betre kvardag. Du kan anten betala inn eit valgt beløp til kontonr. 3785 12 22775 , og sjølv laga eit kort som forklarer gåva til den som får den - eller du kan ta kontakt på e-post: mannemi73@gmail.com for å få ferdige kort med bilete og tekst. Kortet er gratis, og du bestemmer sjølv summen du vil gi.


Notat frå utvida møte i styret for samarbeidsgruppa og kulturkveldgruppa sist onsdag

Referat frå møte i utvida samarbeidsgruppe for sørsida (styret for samarbeidsgruppa + kulturkveldgruppa), 23.09.15

Frammøtte: Øyvind Hatlevoll, Synnøve Urnes, Trygve Lerum, Valborg Heløy, Anne Lise Haukadal, Marianne Bugge (ref) (Magne Vaage hadde beklageleg vis falt ut av e-postlista, og hadde ikkje fått innkalling)

Fråver: Randi K. Bugge, Helga Berteig, Aili Sæverud

SAKER:

1. Oppsummering av aktivitetar på sørsida fram til no i 2015

Me tok ei oppsummering (med atterhald om at ting kan vera utegløymt – då må de vera snille å supplera, og gi underskrivne beskjed så me får det med!):

 Januar: Restekake-dag etter jul – På låven på Urnes Gard

 Mars: Kafe på Fjordatunet i samband med siste Bokbåtbesøket i Kroken..

 April: Fellesmiddag (lapskaus) på Fjordatunet

 April: Påskebasarar på Ornes og Sørheim

 Mai: 17-mai feiring på Sørheim

 Juni: Jonsok-feiring i Kroken

 August: Pub-kveld på Ornes

 August: «sørside-dagar-light» langs sørsida

 August: Kulturkveld med Ragnar Hovland, Finn Tokvam og To purker og ein gris

 September: Jubileumsmiddag og –fest på Sørheim grendahus (Sørheim grendalag 25 år!)

 HEILE ÅRET: Håndarbeidsklubb i Fjordatunet 2 gonger i mnd

Og det var det me rekna oss fram til av aktivitetar i regi av sørsidingar så langt i år 

PLANAR FRAMOVER i 2015

 22.okt. vert det fellesmøte for Luster Husflidslag i Kroken på Fjordatunet, med tema Nålebinding.

 Julemiddag på sørheim

 Muleg fellesmiddag på Fjordatunet seinare i haust

 Inspirasjonskveld med program og matservering.

 Kanskje: Hyggjekveldar på Sørheim 1 gong i mnd.

VELDIG KJEKT OM DEI SOM KAN TENKA SEG Å VERA MED Å ARRANGERA NOKO AV DET OVANFORNEMNDE, ELLER HAR ANDRE IDEAR TEK KONTAKT MED STYRET OM DET!

2. Fjordatunet, status og planar framover

 Drifta i Fjordatunet «går sin gang», økonomien er bra p.g.a. refinansieringa for eit par år sidan, der m.a. og låneavdraga vart tilpassa dagens drift.

 Men: me treng nye innspel og gode idèar for å koma vidare og utvikla meir drift i bygget. Dette kan kanskje kombinerast med ein inspirasjonskveld (sjå under planar framover)?

Kom forslag om å sjå nærare m.a. på gamalt håndtverk som kan knytast til samfunnet her – og som kan produserast for sal..

 Det kom og forslag om å få etablert ein «vaktmeistarordning» til bygget, som kan ta seg av dei praktiske tinga som må ordnast (vatnprøvetaking, lett vedlikehold av ulikt slag, m.v.) Dette vert tatt opp i møtet i styret for Fjordatunet no i haust.

3. Ev.

 Bustadar: Etter å ha telt over ledige hus og småbruk på sørsida (og i grunn vorte litt oppgitt over det..) kom gruppa fram til at det må arbeidast vidare med ein overgangsbustad og på sørsida (minst ein). Den må ha leigepris tilpassa lokalitet.

Mvh

Marianne Bugge (ref.)

Sekretær for samarbeidsgruppa

 

 

Flott helg på Ornes! Urnes seminar og open dag i stavkyrkja og Luster barneturlag på tur til Ornes-Kroken

Torsdag og fredag var det Urnes seminar på Ornes med Knut Krogh og andre interessante føredrag om kyrkja. Dei påmelde kunne oppleva stavkyrkja og informasjon om den i nydeleg haustvêr på Ornes begge dagar. Laurdag var det open dag, gratis for alle, med eige opplegg for borna. Ca. 40 personar nytta seg av dette tilbodet, og også denne dagen vart ein flott solskinsdag.

 

Dagen etter, søndag var det Kom deg ut dag på Ornes, i regi av Luster barneturlag. På vegen opp frå ferja til tunet under stavkyrkja var det natursti med spørsmål som høvde både liten og stor. Det var tur til "Ornes-Kroken" med kjentmann Magne Urnes som fortalde langs vegen. Etterpå var det smaksprøvar med godt brød  frå Lustrabui med syltetøy frå Urnes Gard på, og limonadar av ulikt slag. Det var trekning med gevinstar til alle born for dei som hadde fått med seg naturstien, og deretter var det hjortesafari på Urnes Hjortefarm. Ein fin dag var konklusjonen til dei omlag 20 som deltok!

Sjå meir informasjon og bilete frå Kom deg ut-dagen her: https://luster.dnt.no/nyheter/2039-flott-kom-deg-ut-dag-pa-ornes/

URNESSEMINAR 3. og 4. aug, og OPEN DAG I URNES STAVKYRKJE 5. aug.

Open dag i Urnes Stavkyrkje

 

Kva løyndomar skjuler den 900 år gamle stavkyrkja? Den danske arkeologen Knud J Krogh kjenner historia til den gamle bygningen betre enn nokon annan. Laurdag kjem han til Ornes for å halda ei eksklusiv omvisning i og rundt stavkyrkja.Det vert eiga omvisning og aktivitetar for born. GRATIS deltaking!


12:35: omvisning og aktivitetar for born (det går ferje frå Solvorn kl. 12:00)
13:00: eksklusiv omvisning i stavkyrkkja med Knud Krogh

Mat og drikke å få kjøpt på Urnes Gard (ope frå 12 - 15)
Velkommen!

FORTIDSMINNEFORENINGEN

Stad: Ornes

Tid: laurdag 5. september 12:00

JUBILEUMSFEST

 

 

JUBILEUMSFEST

Sørheim Grendalag fyller 25 år i år, og vil invitera til ein    jubileumsfest

laurdag 5.september kl. 19.00.

Meny:

Middag:  Sosekjøt

Dessert: Sviskegraut med fløyte

Kaffe og jubileumskake.

Allsidig dansemusikk ved Tore Leiren

Billettprisar:

Vaksne:              kr 350,-

Born (5 – 15 år): kr 150,-

Born under 5 år gratis.

 

Be gjerne med deg vener og naboar!

                                         VELKOMNE!   

 Påmeldingsfrist: søndag 30.august.                               

Helga:   48 12 36 43,   hberteig@gmail.com

Trygve: 91 19 43 54,    lerums@online.no                     Styret

Ein svært vellukka kulturkveld i Munthehuset sist fredag!

Sist fredag var det kulturkveld på Munthehuset i Kroken, med Ragnar Hovland og Finn Tokvam, To purker og ein gris, og med heilt nydeleg Lustratapas frå Hildegunn Ø. Hansen på menyen. Vèret var strålande og var prikken over i-en på ein elles super kveld. Munthehuset var fullbooka, og «reservelista» var lang, men for dei som hadde sikra seg plass vart dette ein uforgløymeleg kveld i stemningsfulle omgjevnader. 96 påmelde, og då var det heilt fullt. Finn Tokvam og Ragnar Hovland ga publikum hysterisk latter, underfundig ettertanke, allsang og tårer. Dei avslutta med allsong: Per Sivle sin "Den fyrste song". To purker og ein gris fekk mykje ros for musikken sin, og ekstra spesielt var det at dei spela Kveldssong for deg og meg, som Ragnar Hovland har skrive teksten til (også kjent som Grisen står og hyler framført av Odd Nordstogga). I pausen fekk publikum servert Lustratapas i mange variantar, og forfattarane signerte og solgte eigne verk ute i sola.  Ein flott og minneverdig kveld i Munthehuset!»

NB! Biletet under kan du trykkja på, så får du mange fleire fine bilete frå kvelden! Fotografar: Hilde Lerum og Randi Bugge

Dette skjer på sørsida i helga 14.-16. august!

FREDAG: Kulturkveld i Munthehuset med Ragnar Hovland, Finn Tokvam og To purker og ein gris.- FULLT!

LAURDAG: Urnes Gard, Låven: kl. 15:30-17:30: Randi Stoltz, nålebinfing og brikkvev, kr. 50,-. Ta med tjukt garn, Randi har nåler og oppskriftshefte til sals.

LAURDAG: omvisning i hagen på Børtnes (neset før Kinsedal), kl. 12-13. Kr. 50,- pr. pers. Roser, druer, frukt, urter av alle slag. Gunnhild er pensjonert urteforskar.

LAURDAG: Fjord RIB Adventure + fossevandring. (Skjolden-Marifjøra-Feigum-Skjolden) Vandring oppunder fossen. Kl. 10:00. Varer: 3-3,5 t. Min. deltakarar: 4. Pris: 690/450. Påmeldingsfrist: 14.08!! Thor Parmentier guidar folk opp og ned den bratte stien ved sida av fossen. (Dei som vil kan gå vidare opp til Øystølen, kryssa brua og gå til Bergheim og vegen ned). Kan kombinerast med RIB tur til Feigum. Start ved kaia når ribben kjem. Varigheit: 3,5 t opp og ned. Ta med mat og drikke. Sykkelutleige hjå Adventure tours: 190,- NOK for 3 timar, 290,- NOK for heil dag. Påmelding til Karlis Bremere: email: post@adventuretours.no, tlf. (+47) 95766385. 

LAURDAG: Stand med GRATIS fotbad nede på Ornes-kaia. Mulegheit for å prøva og kjøpa produkt. Frittståande hudpleiekonsulent, Rakel O. Skagen står for dette. Kl. 10:30 - 15:30.

LAURDAG OG SØNDAG

Guiding i Urnes stavkyrkje som vanleg frå kl. 10:30.

Urnes Gard kafe: open kl. 11:00-17:30. Lunsj-rettar, kaker/vafler.

Vetla-bui og Postkontoret i Kroken alltid ope!

SØNDAG: Hjortefarmen har omvisning kl. 14:00.

SØNDAG: Musea på Sørheim og i Kroken har ope. Bærkjerringa i Kroken kan treffast kl. 12:00 - 16:00: kr. 50,-

SØNDAG: Sørheim grendahus, kl. 12:00-16:00. Ei lokal kunstgruppe frå Gaupne hr utstilling, sal av mat: pølse, brus, is, kake.

VELKOMMEN!