JULEMIDDAG PÅ SØRHEIM

JULEmiddag PÅ SØRHEIM

10. DESEMBER KL 19.00

Sørheim Grendalag ønskjer deg hjarteleg velkommen til ei triveleg samkome i førjulstida, ein tradisjon laget har hatt i mange år. Her vert det tradisjonell julemat, kaffi, gløgg, juletregang og dans til levande musikk.

JULEMIDDAG – den heimelaga julematen består av pinnekjøt, pølser, kålrotstappe, sjysaus og poteter. Is og frukt til dessert. Alt vert servert på buffet, så du får eta deg god og mett!

JULETREGANG – etter maten vert det song og gang rundt juletreet. Ei triveleg stund for store og små.

DANS – «Knut og Marvin» kjem frå Sogndal og spelar til dans. Duoen spelar kjende slagerar innan country, rock og svenskpop.

 

Julemiddag og dans:

Kr 380        Frå 16 år   

Kr 150        7-15 år

Gratis         0-6 år

Påmelding innan 7.12:

Helga 481 23 643, hberteig@gmail.com

Trygve 911 94 354, lerums@online.no

VERDSARVDAG I LUSTER

Samarbeidsgruppa for Urnes og Fortidsminneforeninga Sogn og Fjordane avdeling inviterer til eit miniseminar om Urnes og verdsarv.

Her vert det høve å ta laurdagskaffien med noko attåt i godt selskap, og få kulturelt påfyll ved sidan av.

Det omtrentlege programmet ser slik ut:

15.30:
Kåseri og refleksjonar v/ Jens Brekke
16.20:
Urnes stavkirke. Bevaring av kunst og inventar
Merete Winnes, Eigendomssjef Fortidsminneforeninga Sentraladministasjonen
...
17.10:
Verdsarvarbeid og områdeutvikling.
Ivar Kvalen, Ordførar Luster kommune
Sofie Klemetzen, Verdsarvkoordinator

Det vert lagt opp til små pausar mellom programpostane.

(Hugs også laurdagsforedraget v/Sofie på Luster bibliotek kl. 14.00)

Dagen vert opna av forfattar og kulturpersonlegdom Jens Brekke

Merete Winnes, nytilsett eigendomssjef i fortidsminneforeninga kjem, og vil dele av sine kunnskapar. Merete har frå tidlegare llang fartstid som konservator for NIKU (Norsk institutt for kulturminneforskning).

Verdsarvkoordinator Sofie Klemetzen vil presentere seg, og snakke litt om arbeidet med verdsarven framover. Ordførar Ivar Kvalen kjem truleg også, og vi vonar at så mange som råd vil kome og ta del i samtalen om kva verdsarvstatusen kan bety for lokalsamfunna, kommunen og regionen. Vi vil oppfordre folk til å stile spørsmål, dele tankar og refleksjonar, og å kome med innspel.

Ta gjerne turen innom Luster bibliotek sitt laurdagsforedrag først. Klokka 14.00 på biblioteket, vil verdsarvkoordinator halde eit lite foredrag om Urnes kyrkje.

Vel møtt!

Dag Jørund Lønning - foredrag om bygdeutvikling

FOR DEI SOM TRENG LITT EKSTRA INPUT/INSPIRASJON!

Dag Jørund Lønning (født 26. januar 1967), som er sosialantropolog (professor dr. philos.) med spesiell interesse for menneskeleg nyskaping. Lønning har skrive ei rekke artiklar og bøker om utviklinga i Midtøsten, kulturøkonomi, innlevingsøkonomi/opplevingsøkonomi, kulturarv, nyskaping og bygdeutvikling.
Lønning er rektor og professor i nyskaping og bygdeutvikling ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling. Han har tidligare vore forskar ved Chr. Michelsens Institutt, fagleg leiar ved Telemarksforsking i Bø, seniorforskar ved Nordlandsforskning og direktør ved Norsk senter for Bygdeforsking.
Lønning blei kåra til Årets landbruksbloggar 2014 av Nationen sine lesarar, og vart, som ein av veldig få forskarar, i desember 2015 plassert på Nationen og Bondebladets liste over "dei 100 mektigaste i norsk landbruk". Han vart også kåra til årets bygdeprofil i 2015.

Stad: Luster rådhus

Tid: torsdag 8. september 19:00

JONSOKFEIRING i Kroken, NB! ENDRA DAG!

Det vert i år (som dei 11 føregåande åra) jonsokfeiring i stranda hjå Rune, fredag 24. juni, Kl. 18:00.  Det vert sal av grilltallerken og limonade/juice. Kr. 150,- for vaksne, 60,- for born (5-12), born under 5 år gratis. Etterpå vert det kaker, og dei som ønskjer kaffi tek med seg ei kanne! Me vil be om at dei som har høve til det tek med campingstolar/-bord. Me set opp telt i tilfelle regn.

 

KOM OG BLI MED PÅ TRIVELEG JONSOKFEIRING DU ÒG, HJARTLEG VELKOMNE SKAL DE VERA!!

SAMARBEIDSGRUPPA FOR SØRSIDA

NRK med direkte-sending frå ferja mellom Ornes og Solvorn på 17-mai!

Henta frå NRK sine internettsider  Solveig Svarstad (biletet) og fotograf Stine Kyrkjebø Johansen har allereie utforska området dei skal besøke, her ved Urnes stavkyrkje. Likevel vil dei ha idear til fleire ting eller aktivitetar dei kan syne fram. Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Henta frå NRK sine internettsider

Solveig Svarstad (biletet) og fotograf Stine Kyrkjebø Johansen har allereie utforska området dei skal besøke, her ved Urnes stavkyrkje. Likevel vil dei ha idear til fleire ting eller aktivitetar dei kan syne fram. Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

 

 

 

17-mai feiring på Sørheim

                            17.Mai på Sørheim

Kl.18.00: Tog med «Fjordblæsen»  i spissen  frå Leri til grendahuset.

Kl.18.30: Rømmegraut og spekemat.

                 Pølser og brus

                 Kaffe og kaker

                 Utlodding

Vaksne: kr 150,-

Born: kr 75,-

Born til og med 5 år: Gratis.

Leikar

Natursti

Utlodding

 

Velkomne til ein triveleg 17.maikveld på Sørheim.

 

                                                                             Sørheim Grendalag

STILLING LEDIG PÅ SØRSIDA!

STILLING LEDIG SOM KONTORMEDARBEIDAR

Ornes Båtbyggeri ligg vakkert til på Ornes, 30 km frå Skjolden eller 15 min med ferje frå Solvorn. Ornes Båtbyggeri er einaste industriarbeidsplassen i bygda, og har for tida 10 fast tilsette. Vi er ei aktiv verksemd med kundar frå fylket vårt, og elles langs heile kysten. Hovudoppgåvene er ombygging og reparasjonar på yrkesbåtar.

I stillinga som kontormedarbeidar inngår følgjande oppgåver:

  • Prosjektstyring

  • Fakturering

  • Utlønning

  • Rekneskapsføring; (bedrifta nyttar Uni Micro). Ekstern rekneskapsførar er Sogn Rekneskapskontor.

  • Telefon,  kundekontakt

  • HMS

  • Generell kontoradministrasjon

Arbeidet vil utgjere om lag halv stilling. Lønn etter avtale. Det er mogleg å pendle med ferja frå Solvorn.

Interesserte kan venda seg til Ornes Båtbyggeri AS ved dagleg leiar Øyvind Hatlevoll.      

Tlf.:                 94895191 / 99235133                                                                                                                                                                         

E-post:            ornebaat@online.no

Søknadsfrist er 30.04.16

Dugnadslaurdag på Fjordatunet med vask, sosialt samvèr, kaffi/lappar og kanskje litt kartarbeid til slutt?

Det vert vårdugnad på Fjordatunet førstkomande laurdag frå kl. 11:00. Valborg og Aril har allereie tatt grundig vask av lokala oppe, medan laurdag konsentrerer me oss om nede. Om me vert ein liten gjeng kjem me langt på 1-2 timar tippar eg! Anne Lise tek eit spesielt ansvar for Frukt og bær avdelinga, medan Hjortefarmen tek eit spesielt ansvar for kjøtavdelinga. Fellesareala tek me alle i hop (kok/vask, gongane nede). Dersom me får tid kan me ta noko utandørs og. Det vert iallefall tid til å prata og drikka kaffi og eta lappar :-). Inviter gjerne fleire med, jo fleire jo betre og kjekkare.

 

Alle velkommen!!

Midlar til verdsarvkoordinator og verdsarvdagar!

Henta frå Sogn Avis:

Får verdsarvmidlar frå Riksantikvaren

Urnes Stavkyrkje og Vestnorsk fjordlandskap får til saman nær to millionar kroner.

Urnes stavkyrkje får 456.000 kroner i verdsarvmidlar.

Kvart år får norske verdsarvstader tilskot over statsbudsjettet.

Klima- og miljødepartementet har hovudansvaret for oppfølginga av verdensarven i Noreg. Fordeling av tilskot skjer via Riksantikvaren, som i år har fordelt over 50 millioner til ulike tiltak.

Åtte stader

Noreg har åtte stader på UNESCOs liste over verdas kulturarv (World Heritage List). Størst løyving av desse får Bryggen i Bergen med 17,5 millionar kroner til fleire istandsetjings- og sikringsprosjekt. Sogn og Fjordne har to stader på verdsarvlista. Dette er Urnes stavkyrkje som vart skriven inn på lista alt i 1979, og Nærøyfjorden som saman med Geirangerfjorden utgjer Vestnorsk fjordlandskap.

Tilskot

Begge får tilskot frå Riksantikvaren i år.

Vestnorsk fjordlandskap får 1.5 millionar kroner, medan Urnes stavkyrkje vert tilgodesett med 456.000 kroner.