Arbeidsgrupper

Det er oppretta arbeidsgrupper på dei ulike tiltaksområda me på Sørsida vil arbeida med framover. Gruppene består av repr. frå samarbeidsgruppa for grendelaga på sørsida, andre lokale aktørar (grunneigarar), og representantar frå offentlege/private etatar, som t.d. Luster kommune, Fortidsminneforeningen. Dersom nokon har innspel til nokon av arbeidsgruppene, ta gjerne kontakt!


Kommunikasjon

(utbetring av vegsambandet mellom Kinsedal og Skjolden, ferjesambandet Solvorn - Ornes, løysingar på breiband oppkopling)

Gruppa skal arbeida med:

  • Forlenga tidsrommet for sommarrutene til ferja Solvorn - Urnes, evt. sjå på alternative avgangar i heilårstilbodet
  • Utbetring av vegsambandet mellom Kinsedal og Skjolden, skilting, vegstandard, møteplassar/rasteplassarLøysingar på breiband oppkopling
  • Tilrettelegging for busetnad og næringsutvikling 

 

Tilrettelegging for busetnad og næringsutvikling

Gruppa skal arbeida med:

  • gje etablerarhjelp til dei som vil inn i næringstunet, og andre etablerarar
  • bygdemobilisering: bygdemøte; status, mulegheiter, kva må til for å få folk til å busetja seg/bli her. Kartlegging/utvikling av sosiale og kulturelle tilhøve, anna som er viktig for eksistensen av eit samfunn.
  • kartlegging av mulege tomter, eksisterande hus som står tomme med tanke på sal eller utleige   
  • Vidareutvikla og styrka jord- og skogbruksnæringa, m.a. ved å tilrettelegga for utvikling av tilleggsnæringar og samarbeid mellom produsentar av ulike produkt i området.
  • Planleggingsarbeid i samband med utvikling av planar og idéar om ulike typar næringsutvikling
  • Formidling av verdiane i området, kulturelle tilhøve (kontaktpers.: Britt Bugge, tlf. 57683944)

Formidling av verdiane i området, kulturelle tilhøve

Gruppa skal arbeida med:

  • Formidling av verdiane på Ornes og grendene ikring
  • Generell marknadsføring av verdskulturminnet, særleg retta mot turistar
  • Tilbod til studentar og skular, utvikla tilpassa litteratur og guiding/føredrag/ekskursjonar til desse gruppene
  • Kulturelle arrangement i kyrkja og nærområdet

Rydding/vedlikehald av kulturlandskapet

Gruppa skal arbeida med:

  • Generell rydding/vedlikehald av kulturlandskapet langs sørsida
  • Kulturlandskapstiltak som er omtala i Reguleringsplan for Ornes (sjå vedlagt kopi utdrag frå reg. planen)
  • Samarbeid med Reguleringsplangruppa på det som konkret er knytt opp til denne planen, t.d. nærområdet til stavkyrkja.
  • Betra informasjon om og skjøtsel av spesielle innslag i natur- og kulturlandskapet, samt gjera naturen meir tilgjengeleg ved å skilta og rydda gamle ferdselsvegar og stiar. 

Arbeid med reguleringsplanen for Ornes

Gruppa skal arbeida med:

  • Gjennomføring av tiltak i samsvar med reguleringsplanen for Ornes:
  • Tilkomst (Kai-området)Kryssomr. mellom fylkesv. til Kinsedal og fylkesvegen mellom kaien og kyrkjaVegen frå kaien og opp til kyrkja
  • Nærområdet til kyrkja (samarbeid med Fortidsminneforeninga og arbeidsgruppa på kulturlandskap)
  • Skilting og merking, bruk av symbol og materialar, plassering, vedlikehald av desse

Trivselsgruppe

 Gruppa skal arbeida med:

  • Tiltak for å betra dei sosiale/kulturelle tilhøva for å skapa eit godt inkluderande samfunn som fremjar bulyst.
  • DRA MED UNGDOMANE, gjerne oppretta ei eiga ungdomsgruppe som kan arbeida med det dei meiner er viktig for trivsel.
  • Samanslåing av grendelaga på sørsida er eit tiltak gruppa vil sjå nærare på. Dette kan bidra til å styrke samholdet i bygdene.Idédugnad: få fram aktuelle aktivitetar, idéar, tiltak, kva ønskjer me oss?
  • Finna fram til ein (eller fleire) aktivitetar som ein kan byrja å arbeida framover mot.