Sørsida - bygdene og historia

Sørsida av Lusterfjorden har gjennom generasjonar vore sentral i området, medan fjorden var hovudferdselsåre med båtrute til Bergen fleire gonger i veka med passasjerar og last. 

Vegen Skjolden - Kinsedal
Vegen Skjolden-Kroken på sørsida av Lustrafjorden vart bygt i fleire etappar på 1960- og 1970-talet, og fullt opna fram til Kroken i 1974. Her går vegen gjennom tre store tunnelar: Kviteskreda 297 meter, Galdane 878 meter og Stokkanestunnelen 355 meter. Vegen Kroken-Ornes kom 1981, og Kroken-Kinsedal i 1986.

Kinsedal (informasjon henta frå "Fylkesleksikon")

Råstoff til krigsmateriell
Det starta under 1. verdskrig med at Norsk Hydro bygde aluminiumsverk i Sauda, og gjekk dessutan med planar om å starte aluminiumsproduksjon i Årdal. For å sikre råstoff til slik produksjon, kjøpte Hydro i 1918 rettane til anortositt-felta i Kinsedal . Denne bergarten kan nyttast til å framstille aluminiumoksyd som er råstoffet for aluminioumsproduksjon.

Hydro starta dagbrot i eit lite felt like ved sjøen omlag ein kilometer frå sjølve Kinsedal, og her var det også bygt utskipingskai. Men med krigsslutt vart det mindre spørsmål etter det lette aluminumsmetallet, og gruvedrifta låg nede i mellomkrigstida.

I 1940 satsa Norsk Hydro gjennom sine selskap A/S Rjukanfoss og Nordisk Lettmetall på stordrift på hovudforekomsten som ligg omlag ein kilometer oppe i fjellet frå Kinsedal. Kinsedal-anortositten vart nytta som råstoff til Norsk Hydro sitt aliminumsverk på Herøya ved Porsgrunn.

På kort tid vart det bygt opp eit gruvesamfunn der det arbeidde kring 400 mann som kom frå heile landet. Mellom Kinsedal, Ornes og Solvorn gjekk det daglege arbeidsruter med motorbåt.

Tilreisande arbeidarar budde i åtte brakker - seks ved sjøen og to oppe ved dagbrota på fjellet. Ved sjøen vart det bygt ei 100 meter lang kai, verkstad, mannskapsmesser, kontor og seks bustadhus for ingeniørar og andre funksjonærar.

Ved steinbrota vart bygt store fjellhallar for knuseri og siloar, og i 1941 ei jernbane frå sjøen og m.a. i ein 300 meter lang tunnel opp under siloane i fjellhallane. I 1943 vart det i tillegg bygt ei ekstra trallebane som frakta folk og utstyr mellom sjøen og steinbrota.

I 1942 tok tyskarane sitt Nordag-selskap opp att brytinga av anortositt i forekomsten ved sjøen der det hadde vorte teke ut stein under 1. verdskrig. Arbeidarane på dette anlegget var for det meste folk som var tvangsutskrivne til arbeidsteneste for okkupansjonsmakta.

Den første tida budde dei i nokre brakker i Ofredal og vart skyssa med båt til og frå Kinsedal. Seinare vart det m.a. bygt ei brakke for 100 mann like ved steinbrotet. Tyskarane sitt Nordag-selskap hadde storfelte planar om utbygging av Årøy kraftverk som skulle forsyne gruvesamfunnet i Kinsedal med elektrisk straum gjennom eit kraftspenn over Lustrafjorden, men så langt kom dei ikkje.

Norsk Hydro sin aktivitet i Kinsedal slutta tvert då aluminiumsfabrikken på Herøya vart lagt i grus av allierte bomber i 1944. I løpet av nokre dagar var bygda "tom" for folk.

Like etter krigen vart det gjort eit mislukka forsøk på produksjon av anorthositt som råstoff for sitt aluminiumsverk i Høyanger. Frå 1946 til 1952 vart det drive yrkesskule i dei tidlegare gruvebygningane i Kinsedal. I løpet av desse åra tok i alt 200 elevar eksamen på mekanikk-, elektrikar, møbel-, maskinsnikring- og husbyggjarlinene ved skulen. I desember 1952 brann messe- og bustadbrakka ved skulen i Kinsedal, og yrkesskulen vart flytta til Sogndal.

Ornes

Ornesgarden har lege på platået rundt stavkyrkja i to tusen år. Høgt og fritt og med utsyn inn og ut Lustrafjorden. Alt tyder på at Ornes var den fyrst rudde og bygde garden i Luster. Skiphaug frå bronsealderen er den største og eldste gravhaugen i kommunen. Der fann Hans Urnes graver frå mange hundreår. Den nesten tusen år yngre Ravaldshaugen er truleg haugen den mektige Ornesætta rekna haugodelen sin frå. Ornesætta var både rik og innflytelsesrik. På Ornes finn vi dei eldste spora etter kyrkjebygging i Noreg, og stavkyrkja er på alle vis eit prov på stor rikdom og kunnskap. Gautr av Ornes var lendmann fra omlag 1150 til 1184. Då kong Magnus Erlingsson fall på Fimreite, vart lendmannsgarden flytt til Kvåle i Sogndal, der kong Sverre sette inn ein av sine menn til lendmann. Gautsønene Jon og Munan var begge blant dei fremste mennene til Magnus Erlingsson. Ved Fimreite hadde Munan Gautson storskipet Hreinen. Munan var ikkje blant dei som fall, men han er likevel ute av soga etter slaget.

Etter forsoninga mellom baglane og birkebeinarane, vart Arnbjørn Jonson seinare Håkon Håkonson sin håndgangne mann. Med Arnbjørn Jonson går Ornesætta ut av den politiske soga i Noreg. Ornes var ein av dei største gardane i Noreg i mellomalderen og var adelsgods med ymse eigarar. Vi kjenner eigarane heilt frå 1308.

Sagn frå Ornesområdet:
Kjærleikssoga om dottera frå Ornes og Vetti-kongen


Kroken

Ytre Kroken har gamal busetnad og er ein av dei norske storgardane som er best kjende frå mellomalderen.Gravfunn med spor attende til folkevandringa er registrerte. Allereie i 1298 blir riddaren Alf i Kroki nemnd. Han var skatteoppkrevjar på Island. Seinare sat det andre adelsætter på Ytre Kroken, med namna Teiste og Kruckow. Frå 1764 og 120 år framover var garden i familien Munthe si eige. I denne tida - då den norske identiteten skulle byggjast opp, kom Ytre Kroken til å spela ei viktig rolle i den nasjonale historien. Garden vart ein møtestad for forskarar, geografar og ikkje minst for Noregs fremste kunstmålarar i den nasjonalromantiske perioden. Offiser, kartograf og historikar Gerhard Munthe (1795-1876) var ein sentral person i det rike kulturlivet som utvikla seg der på 1800-talet. I Christiania, hovudstaden, var hanmeddirektør for "Tegne- og Kunstskolen", for Nasjonalgalleriet og direktør for Kunstforeningen. Han busette seg for godt på slektsgarden i 1841, og gjorde garden til ein møtestad for dei fremste kunstmålarane i den nasjonalromantiske perioden: Johannes Flintoe, Joachim Frich, Adolph Tidemann,  Hans Gude og Johan C. Dahl.
I 1765 sådde kaptein Gerhard Christofferson Munthe  (17261785) poteter i Kroken.

-Sjå også: Husmorskulen i Kroken

Feigum

Feigumfossen er freda. Det er eit landemerke p.g.a. høgd og vassmengd. Fossen si høgd er på 218 m. Det er eit mektig møte med naturen å gå stien opp til fossen. I gamal tid kalla dei elva for Feigå, og det var og namnet på garden. Det er nok den skrekkblanda kjensla som fossen si kraft gir oss, som òg har sett namnet på både fossen, elva og gardane ikring. Feig tyder rett og slett at døden er nær. Dei sa at "nokon er feig", dersom uglene skreik i tuntreet om kveldane. Det tydde at uglene varsla død. Slik var òg Feigefossen.


Hans Nilsen Hauge var to gonger i Luster. Første gongen var i 1803. Det er vel knapt nokon stad i landet at Hauge fekk så mange tilhengarar som i Luster. Bodskapen var enkel: folk skulle vera flittige i sitt jordiske kall, sky det vonde og legga vinn på det gode. Ein som tok dette påbodet svært alvorleg var Hans Feigum. Han utvikla si eiga tru og lære, Feigianismen. Feigum vart kjent med Hauge då han reiste til Oslo som oppassar for stortingsmann Hans Urdal i 1815. I 1830-åra braut det ut open strid mellom Feigum og Hauge. Feigum meinte at haugianarane tok for lett på det, både med omsyn til omvending og heilaggjering. Han meinte han såg alt klårare enn Hauge, ja, han var meir klårsynt i høve Guds Ord enn sjølvaste Martin Luther. Mange kom til Hans Feigum for å bli læresveinane hans. Folk tala om profetskulen i Feigum. I 1870 stilna rørsla, og Hans Feigum døydde i 1874.


Sørheim

Sørheim varein gamal adelsgard, heimen i sør. I 1239 vert Guttorm frå Sørheim(Sudrheimum) nemnt som ein av mennene til hertug Skule i Trondheim, som på den tida var syslemann i Sogn. I 1263 var Dag frå Sørheim med kong Håkon Håkonsson på ei ferd til Skottland, og Dag fekk då æra av å sigle med skipet til kongen.

Tidleg på 1300-talet høyrer ein igjen om Sørheim: Då er det ei enkje frå den norske høgadelen som bur på Sørheim. Visse skrifter kan tyde på at ho var dotter til riddaren Audun a Slinda frå Slinde-godset, medan andre kjelder dreg slektskapet til denne kvinna i anna lei. I 1313 og 1336 vert det nemnt at denne "fru Margrete" gjev gåver til kyrkjene i Ylmheim og Dale. 

Truleg så tidleg som på 1400-talet vert eigedomane på Sørheim ein del av godset til adelsætta Kruckow. Den mest kjende frå denne ætta er riksråd Johan Kruckow, som truleg busette seg på Sørheim - for han skreiv seg i 1531 for "Johan Kruckow aff Søderem".  Johan Kruckow eigde både Kroken og Sørheim. På same tid som reformasjonen skulle innførast i Noreg, stridde det Norske riksrådet under erkebiskop Olav Engelbretsson både for å halda på den katolske læra og Noreg som eigen stat. I Bergen sat Vincent Lunge, og han kom i strid med Johan Kruckow. Lunge tok aldri på uvenene sine med kjærlege hender. Han sende ein av futane sine innover til Luster med ordre om ¨å slå i hel Johan Kruckow.

På 1600-talet sat Eline Marsvin som eigar av Sørheim. Ho gifta seg med bondeplagaren Ludvig Munk. Kongen i København møtte Kristine Munk, dotter til Ludvig og Eline, ved eit reint tilfelle. Han blei djupt og alvorleg forelska og gifte seg med henne i 1615. Dei fekk 11 eller 12 born saman. Kongen skilde seg frå Kristine i 1630 då han meinte ho hadde vore utru, og han nekta farskapen på den siste av døtrene. Gjennom mennene sine fekk to av døtrene til Kristine mykje å seia i det dansk-norske tvillingriket. Leonora Christine vart gift med den mektige Corfitz Ulfeld, og søstera hennar Christiane vart gift med Hannibal Sehested, stathaldaren i Noreg.


-Sjå også: Tobakksdyrkinga i Luster.

Sørsida var viktig både kulturelt og næringsmessig, og heilt fram til 1950-åra var folketalet rundt 500.