Flytte til Sørsida? Vis di interesse her...

Dette er meint som ei "lågterskel" og uoffisiell registrering av muleg interesse for å busetja seg på sørsida av Lustrafjorden.

På sorsida.no kan me lesa av statistikken at "bustader/tomter/småbruk" til ei kvar tid er på topp 4-6 lista over sidene som får flest treff pr. mnd. Dette trur, meiner og håpar me seier oss noko om at det er folk der ute som kan vera interessert i, eller i det minste nysgjerrig på å kunna busetja seg her no eller i framtida. Derfor ønskjer me å gjera denne "registreringa" av interessa for dette, ved å invitera interesserte, eller berre litt nysgjerrige, til å registrera seg uoffisielt og uforpliktande.

Så, dersom du er i ein av katgoriane ovanfor, ber me deg syna oss dette ved å senda ein e-post til denne adressa: mannemi73@gmail.com

Dei som melder interesse her vil verta handsama anonymt og konfidensielt. De må gjerne seia/skriva litt om kva de kan tenkja Dykk av hus (gardsbruk, tomt, bustadhus, anna?), og kvar de kan tenkja dykk å bu.

-Sjå ledige hus/tomter/småbruk