Sørside-prosjektet

Sørside-prosjektet er no avlutta. Det var eit treårig prosjekt for å sikra og vidareutvikla verdskulturminnet Urnes stavkyrkje.

Urnes Stavkyrkje er eit av fire verdskulturminne i Noreg. Kyrkja er eigd av Fortidsminneforeningen, og har ein viktig funksjon både som eit særeige kulturminne og som ein ressurs i reiselivssamanheng. I prosjektet skulle det arbeidast for å utvikla området både på Ornes og grendene i kring, med målsetjing om å halda folketalet oppe. Å utvikla sørsida av Lustrafjorden til attraktive samfunn som gjev bulyst, er sentralt for prosjektet.

Det geografiske arbeidsområdet for prosjektet er definert som "nærområdet til stavkyrkja", og inkluderer heile sørsida av Lustrafjorden.

Dei ulike arbeidsområda me arbeider med i prosjektet er fordelt på ulike arbeidsgrupper.