Om Sørsida

Under vil me gje ei oversikt over dei prosjekta som arbeider for Sørsida. Me vil og orientera om organiseringa av dei ulike prosjekta her.

Samarbeidsgruppa for grendelaga på sørsida
(stifta i 2000, med representantar frå dei fire grendelaga på sørsida)

  • Sørsida utvikling AS (aksjeselskap med føremål næringsutvikling og auka busetjing)
  • Sørsida eigedom AS (Fjordatunet; næringstunet i Kroken)

Prioriterte tiltaksområde

  • Inntektsbringande arbeidsplassar, supplerande aktivitetar til eksisterande arbeidsplassar
  • God kommunikasjon; omfattar alt frå transportmiddel til standard og skilting
  • Kulturlandskapet; rydding av attgrodd landskap, utvida heimebeitearealet, ivaretaking av biologisk mangfald, gjera strandlinja tilgjengeleg, fri sikt til fjorden etter heile/evt. delar av vegen Skjolden- Kinsedal, info. om og skjøtsel av dei spesielle innslaga i natur- og kulturlandskapet
  • Busetnads-/ bustadsutfordringar i samband med tilflytting

Urnes prosjektet (slutt juni 2008)

  • Referansegruppe; representantar frå Riksantikvaren, Fortidsminneforeininga, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Luster kommune, grunneigarane
  • Lokalstyre = samarbeidsgruppa for grendelaga på sørsida + representant frå Luster kommun
  • Prosjektleiar, 50% stilling Luster kommune, kontaktperson: Steinulf Skjerdal 

Prioriterte tiltaksområde:

  • Tilrettelegga for betring av busetnad-/bustadsituasjonen i samband med tilflytting
  • Tilrettelegga for inntektsbringande arbeidsplassar, supplerande aktivitetar til eksisterande arbeidsplassar
  • Marknadsføring/formidling av verdiar på sørsida. Historieformidling.
  • Gjennomføring av tiltak etter Reguleringsplan for Ornes:
  • Opprusting/rydding av tilkomst/kaiområde
  • Tilrettelegging/utbetring av parkeringsområdet ved krysset
  • Utbetring av vegen frå kaiområdet og opp til kyrkja
  • Tilrettelegging/rydding av området oppe ved kyrkja
  • Arbeida fram gode løysingar når det gjeld skilting/merking (gjeld heile sørsida; frå Skjolden til Kinsedal).
  • Kulturlandskapsskjøtsel. Rydding og tilrettelegging av gamle ferdselsvegar, stiar. Opna landskapet mot mellom veg og fjord.
  • Betra kommunikasjonen i området (vegen mellom Skjolden og Kinsedal, ferjetilbodet Ornes - Solvorn, breibånd oppkopling).
  • Sosiale tilhøve. Ei eiga trivselsgruppa sørger for at me kjem saman og kosar oss i lag av og til.

BU-programmet (2004-2006) 

  • Tre-årig prosjekt i regi av: Fylkesmannen, landbruksavdelinga
  • Prosjektstyre = samarbeidsgruppa for grendelaga på sørsida + representant frå Luster kommune
  • Luster kommune, kontaktperson; Steinulf Skjerdal (jordbrukssjef)

Prioriterte tiltaksområde:

  • Tiltak for å betra bustad-/boligsituasjonen i samband med tilflytting, dette omfattar og tiltak for å betra dei sosiale/kulturelle tilhøva for å skapa eit godt inkluderande samfunn som fremjar bulyst.
  • Å leggja til rette for inntektsbringande arbeidsplassar, -supplerande aktivitetar til eksisterande arbeidsplassar
  • Betra kommunikasjonen; omfattar alt frå transportmiddel til vegstandard og skilting
  • Restaurering, rydding og tilrettelegging av kulturlandskapet i området. Dette er viktig for både innbyggjarane og tilreisande; betra tilgjenge, estetisk, tilkomst, utsikt 


Frå juni 2008 (når Urnes prosjektet slutta) vart det tilsett bygdemedarbeidar i ein 15% stilling - med kontorplass i Fjordatunet i Kroken- som skal "halda i trådane vidare" når det gjeld utviklingsoppgåver på sørsida.