Mykje å oppleve på Sørsida!

Å ferdast langs vegen på sørsida av Lusterfjorden,  er ei heilt spesiell oppleving, og vegstrekninga kan med rette kallast "Den romantiske vegen". Her står natur- og kulturopplevingane i kø, frå Skjolden til Kinsedal.  Tek du turen vil du få med deg fleire av dei største attraksjonane Luster kan by på;  Urnes stavkyrkje, Feigefossen og Munthehuset. Når vegen dertil tek deg gjennom eit variert  natur- og kulturlandskap  med mange kvalitetar, gjer det området til eit attraktivt mål for tilreisande. Strekninga Skjolden - Ornes er ein del av det nasjonale sykkelsti-rutenettet.

Verdt å sjå og oppleve:

Urnes stavkyrkje

Urnes stavkyrkje vart bygd i 1130-åra. Kyrkja står i ei særstilling når det gjeld arkitektur og stilhistorie, og er eit sentralt verk i norsk kunst og historie. Ho er rekna som den eldste av stavkyrkjene, og eit eksempel på svært godt handverk og særdeles fin treskurd.

Urnes stavkyrkje ligg i Luster i Sogn, i ein storslagen natur. Ornamentikken i kyrkja er svært interessant, og kan tidfestast til 1050-1100, noko som tyder på at mykje stammar frå ei tidlegare kyrkje.

Den særmerkte urnesstilen har sitt namn frå Urnes stavkyrkje. Stilen er kjenneteikna ved flotte utskjæringar av svært høg kvalitet.

Urnes stavkykje vart i 1979 innskriven på UNESCO si verdsarvliste.

Kyrkja er eigd av Fortidsminneforeningen.

Sesong:
2. mai – 30. september 2015 (stengt 17.mai)

Opningstider:
Kl. 10.30-17.45

Tinging av omvising for grupper:
tlf. 57 67 88 40
e-post: urnes@stavechurch.com

Prisar

Vaksenkr 80

Gruppe (min. 15), pensjonistkr 70

Student/born over 5 årkr 60

Familiekr 190

Urnes Gard og hjortefarm

Overnatting i restaurerte gardshus, servering og overnatting i restaurert løe, kafé og gardsbutikk med sal av produkt frå garden. Hjortefarm etablert i 2004. Mulegheiter for å oppleva dei elles så sky dyra på nært hald.
Tlf.nr. 91532784/90768284
e-post: urnesgard@urnes.no
internett: www.urnes.no

Munthehuset

Restaurert kunstnersenter med tilbod om møte, selskap, overnatting.

www.munthehuset.no
 

 

Kroken Gard

Tilbyr overnatting på ein kulturhistorisk gard. Tlf. 57 68 37 25/41426252 (Svanhild og Nils Kroken).

www.kroken-gard.no

Sørheim_grendehus.jpg

Sørheim grendehus

Selskap og servering. Like ved Sørheim kai, og dermed også tilgjengeleg frå fjorden. Husleiga er 1500,- for ikkje-medl og 750,- for medlemmar+ straum. Små møter i matsalen kostar ca 300,- Alle må vaska etter seg. Koppar og kar til vel 100 pers. Plass til ca 100 pers oppe og ca 50 pers nede. Vi tek i mot tingingar av huset og andre forespørslar!

Kontaktperson: 
Trygve Lerum Tlf. 91194354

lerum_museum.gif

Lerum saftmuseum

Her starta Lerum-eventyret. Restaurert til museum, der ein ma kan sjå produksjonsutstyr frå den første tida.

Kontaktperson:
Astrid Eitrheim Lerum
Tlf. 57 68 51 78/ 90 13 73 02