Turstiar på Sørsida

Under finn du omtale og bilete frå turstiar i fjellområda på Sørsida.

Kinsedalen-Dalastølen 

Sørsida av Lustrafjorden har flotte fjellområde, sjølv om det er nokså bratt dei fleste stadane. Denne stølsturen tek til inst i Kinsedalen, etter at du har køyrt utetter sørsidevegen, forbi Ornes, og vidare utover vegen til Kinsedalen. Du svingar opp bygdevegen til Kinsedalen på vestsida av Kinsedalselva, og parkerer på ein tilrettelagt parkeringsplass like før dei to øvste gardane i dalen, som du passerer til fots. Stien framover er god å gå på og rimeleg lett å finna. Fyrst på vestsida av elva, seinare over på austsida. Til sist ein noko bratt stigning opp til Dalastølen. Rett over Kinsedalen ein annan fin støl, Kveken. I nordaust ligg Ingebjørgsfjellet, 1452 meter over havet, noko som kan vere eit høveleg mål for den som er ute etter fjelltoppar.

Høgdeskilnaden mellom bilvegen i Kinsedalen og Dalastølen er omlag 400 meter, og
normal gangtid er rundt 1-2 timar.
Kartoversikt

Ornes - Orneskroken og Nystølen

Turen startar ved stavkyrkja på Ornes. Til venstre for muren ryndt kyrkja går det ein gamal kjerreveg i god stand som fører fram til garden Urneskroken som no er fråflytta. Denne garden var i full drift fram til omlag 1970. Før du byrjar på "nedstigninga" til Urneskroken (ca. 300 m før du kjem ned til garden) går det ein godt synleg sti til høgre mot Nystølen. Stien passerer Kvannegjelet, går opp Galdane der stien går i sju krappe svingar opp til Rognelid. Her er det flott utsikt til Solvorn og Mollandsmarka. Du passerer ei grind som er grense mellom fjellbeite og heimebeite. Stien går vidare slakt oppover, og du får fin utsikt over Kroken og Høyheimsvik. Stien går forbi "Durao" (du høyrer, men ser ikkje elva) og går til Geithaug. Herifrå er det flott utsikt over Luster, Høyheimsvik og Gaupne. Når du kjem opp av skogen er det noko dårleg merka sti, men det ligg ei hytte til høgre for stien og ei tjørn på venstre side. Når du passerer tjørna kan du og sjå sela på Nystølen som ligg omlag 900 m.o.h.
Kartoversikt

Munthehuset , Vassløysa, Hjedl,  Indre Kroken

Start frå Munthehuset. Ein rundtur som er noko lettare. Går opp til vårtsølen Vassløysa 300 moh, kryssar Krokelva og går ned til Hjedl. Herifrå går stien ned mot fjorden og Haukadalen. Denne turen tek ca. 1,5 - 2 timar.
Kartoversikt

Hestadalen, Kroken

Start frå Haukadalen, Ein lett tur er å gå opp til Hestadalen, (eit fråflytta småbruk) 300 moh. med ei fantastisk utsikt over fjorden og Jostedalsbreen. Herifrå går vi vidare opp til Tuftene, (gamal husmannsplass), så opptil ca. 400 moh. over Kamben og ned til Holten, ( gamal husmannsplass) derifrå går turen ned att i Haukadalen. Turen tek 1 - 1,5 timar.
Kartoversikt

Bergheim-Feigedalen 

Utgangspunktet for denne turen er bilvegen utover sørsida til like utanfor Tallsete. Her er det råd å parkere bilen omtrent der vegen oppover mot Bergheim tek til. Etter omlag 300 meter stigning på "kjerreveg" er ein oppe på den no nedlagde høgdegarden, med fantastisk utsyn over Lustrafjorden og Lustrabygdi på motsett side. Over garden ruver Bergheimsnosi. Garden Bergheim vart rydda under nabogarden Feigum midt på 1500-talet. Garden vart delt i to hovudbruk i 1704. Begge bustadhusa vart reist midt på 1800-talet, og er lite endra sidan den gong. Siste garden vart fråflytt på slutten av 1960-åra.

Vidare går stien innover i retning Feigedalen og opp omlag 200 høgdemeter til, før ein er på Bergheimsstølen. Stien er ikkje godt merka, så ein bør vere påpasseleg før ein legg i veg frå Bergheim. Vidare passerer ein Øystølen, Hanafossen og Drivandefossen, før stølen Feigedalen, knappe 1000 meter over havet.

Høgdeskilnaden er som allereie nemnt nesten 1000 meter frå utgangspunktet til Feigedalen, og ein kan rekne med vel 4 timar på vegen opp.
Kartoversikt

Feigum - Feigefossen - Feigedalen

Ein køyrer sørsidevegen til  parkeringsplassen ved garden Feigum, like under Feigefossen, og følgjer derifrå den merka stien opp under det særs flotte fossefallet. Turen går i relativt lett terreng på godt merka sti. Turen tek omlag 45 min. Stien er merka vidare og går bratt oppover til feigedalen der du passerer Hanafossen og Drivandefossen. 
Kartoversikt